Dennis Edmonton (fødd 21. april 1943 som Dennis Eugene McCrohan), òg kjend under artistnamnet Mars Bonfire, er ein kanadisk rockemusikar og låtskrivar, mest kjend som låtskrivar på hitten «Born to Be Wild» for Steppenwolf.[1]

Mars Bonfire
Fødd21. april 1943 (81 år)
FødestadOshawa i Ontario i Canada
FødenamnDennis Eugene McCrohan
AliasDennis Edmonton
OpphavCanada
SjangerRock
Instrumentgitar
Tilknytte artistarSteppenwolf, The Sparrows
Verka somMusikar, låtskrivar

Karriere endre

Han vart fødd som Dennis Eugene McCrohan, og han og broren Jerry skifta etternamn til Edmonton tidleg på 1960-talet. Brørne var ein del av bandet The Sparrows, som seinare utvikla seg til Steppenwolf. Ein annan medlem av The Sparrows var Bruce Palmer, som seinare vart medlem av Buffalo Springfield.

Bonfire starta ein solokarriere, medan broren Jerry vart trommeslagaren i Steppenwolf. Etter at han forlét bandet, samarbeidde han ofte med Kim Fowley, og skreiv og spelte inn på platene til Fowley og artistar knytt til Fowley.

Den 22. juni 2015 vart Bonfire tildelt Cultural Impact Award av SOCAN på 2015 SOCAN Awards i Toronto for songen «Born to be Wild».[2]

Personleg liv endre

Bonfire var ein flittig turgåar i Sør-California i mange år. Han har fullført Hundred Peaks Section-lista 25 gonger.[3] Han vart lagt merke til av Los Angeles Times for «vennlegheita og fleksibiliteten sin» som turleiar.[4]

Diskografi endre

Songar av Mars Bonfire som vart spelte inn av Steppenwolf omfattar:

Album:

  • Mars Bonfire (1968)[5]
  • Faster Than the Speed of Life (1969)[6]

Kjelder endre

  1. «Mars Bonfire Biography». Allmusic. Henta 22. januar 2011. 
  2. «2015 SOCAN Awards». Arkivert frå originalen 2. august 2017. Henta 6. juni 2016. 
  3. Twenty-Fifth List Completion - Hundred Peaks Section
  4. Reynolds, Christopher Been There. Done That. Once Again. Los Angeles Times 2004-09-28
  5. Bonfire, Mars (1968). «Mars Bonfire». AllMusic. Henta 11. januar 2013. 
  6. Bonfire, Mars (1969). «Faster Than the Speed of Life». AllMusic. Henta 11. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre