The Second
The Second Studioalbum av Steppenwolf | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1968 | |
Innspelt | 1968 | |
Studio | American Recording Co., Studio City, CA | |
Sjanger | ||
Lengd | 40:25 | |
Selskap | Dunhill | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Steppenwolf-kronologi | ||
---|---|---|
Steppenwolf (1968) |
The Second | At Your Birthday Party (1969)
|
Singlar frå The Second | ||
|
The Second er det andre studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf, gjeve ut i oktober 1968 på ABC Dunhill Records. Albumet inneheld ein av dei mest kjende songane til Steppenwolf, «Magic Carpet Ride». Bakgrunnen på det opphavlege ABC LP-omslaget var ein skinnande «folie», i motsetning til seinare (MCA Records) LP-utgivingar og det moderne CD-omslaget.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | (positiv)[2] |
Med ein stil som omfattar psykedelisk musikk og hardrock, har utgivinga fått gode kritikkar både då ho kom ut og i seinare år. Til dømes uttalte AllMusic-kritikaren Bruce Eder at The Second, sjølv om det var «svært avleidd» av deira første album, hadde «veldig harde og kanta» spor med bandet «i utmerkt form».[1] Det vart det høgast rangerte albumet til bandet på Billboard 200, med ein tredjeplass.
Dei fem spora på side to etter «Magic Carpet Ride» består av ein samanhengande medley.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Faster Than the Speed of Life» | Dennis Edmonton | 3:10 |
2. | «Tighten Up Your Wig» (melodi frå «Messin' With the Kid» av Junior Wells) | 3:06 | |
3. | «None of Your Doing» | Kay, Gabriel Mekler | 2:50 |
4. | «Spiritual Fantasy» | 3:39 | |
5. | «Don't Step on the Grass, Sam» | 5:43 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «28» | Mekler | 3:12 |
7. | «Magic Carpet Ride» | Kay, Rushton Moreve | 4:30 |
8. | «Disappointment Number (Unknown)» | 4:52 | |
9. | «Lost and Found by Trial and Error» | 2:07 | |
10. | «Hodge, Podge, Strained Through a Leslie» | 2:48 | |
11. | «Resurrection» | 2:52 | |
12. | «Reflections» | Kay, Mekler | 0:43 |
Total lengd: | 40:25 |
Medverkande
endreSteppenwolf
endre- John Kay – solovokal, rytmegitar, munnspel
- Michael Monarch – sologitar
- Goldy McJohn – orgel, piano
- Rushton Moreve – bass
- Jerry Edmonton – trommer, vokal, solovokal på «Faster Than the Speed of Life» og «28», delt solovokal på «Don't Step on the Grass, Sam»
Teknisk
endre- Gabriel Mekler – produsent
- Bill Cooper – lydteknikar
- Richard Podolor – lydteknikar
- Gary Burden – kunstnarisk leiar, design
- Henry Diltz – fotografi
Salslister
endreAlbum - Billboard (United States)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1968 | Billboard 200 | 3[3] |
Singlar - Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1968 | «Magic Carpet Ride» | Hot 100 | 2[4] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Second» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bruce Eder. «Steppenwolf the Second - Steppenwolf». AllMusic. Henta 6. desember 2017.
- ↑ Butcher, David (23. november 1968). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.).
- ↑ «Billboard 200 - Steppenwolf». Henta 1. september 2017.
- ↑ «Billboard Hot 100 - Steppenwolf». Henta 1. september 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Steppenwolf: The Second på Discogs (liste over utgjevingar)
- steppenwolf.com Steppenwolf: The Second album