Marstein stasjon er ein jernbanestasjon utan passasjertrafikk på Raumabana ved bygda Marstein i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Stasjonen vart oppretta i 1924 og passasjertrafikken lagt ned i 1988. Stasjonen er freda.

Marstein stasjon

Foto: Anders Beer Wilse (1924)

Stasjonsområde
Stad Marstein
Distanse 439,16
Opna 30. november 1924
Arkitekt Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Marstein stasjon

Trafikkstatus

endre

Då Raumabana vart opna var Marstein ein stasjon med togkryssingar, billettsal og godsekspedering. I januar 1938 vart Marstein nedgradert til stoppestad utan togkryssingar, men framleis betent for reisande og gods. 1. januar 1964 vart stasjonen avbemanna og lagt under Åndalsnes stasjon.[1]

Det var framleis mogleg å sende gods til og frå stasjonen viss ein møtte opp personleg og leverte godset til konduktøren.[2]

Frå 1976 vart Marstein stasjon att og kunne betenast etter behov. Stasjonen kunne og ta imot vognlastar. I mai 1988 vart passasjertrafikken lagt ned og Marstein vart ein ubetent kryssingsstasjon. Stasjonen vart formelt nedlagt i mai 1990, og er ikkje registrert i stasjonsoversikta i 1994.[3]

Seinare på 1990-talet vart Marstein igjen betent ved togkryssingar, men utan persontrafikk. Frå 29. mai 2012 var Marstein stasjon fast betent av ein togekspeditør for kryssingar. Årsaka var eit behov for å korte ned blokkstrekninga mellom Åndalsnes og Bjorli.

Betening

endre

Marstein var ein liten stasjon som ikkje hadde eigen stasjonsmeister, men var betent med styrarar og ekspeditriser etter at stasjonen vart nedgradert i 1938:[4]

  • Kristian August Steen, f. 1878, styrar frå 29.12.1924
  • Paul Larsen, f. 1890, styrar frå 12.3.1928
  • Mauritz Svendsen, f. 1895, styrar frå 24.10.1930
  • Arvid Syvertsen, f. 1899, styrar frå 16.5.1934
  • Tore J. Moen, f. 1897, styrar frå 1.7.1936
  • Berit Uhlen, f. 1897, ekspeditrise frå 7.1.1938
  • Haldis Rolstad, f. 1915, ekspeditrise frå 20.4.1956
  • Jenny Borghild Grøtta, f. 1909, ekspeditrise frå 15.5.1963

Stasjonsbygninga

endre

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad, og var av «Type for Raumabanen», likeins som mellom anna Bottheim, Lora og Lesjaskog.

Bygningen vart sett opp mellom 1919 og 1924. Arbeidet kravde 25 503 timar og kosta 92 014 kroner. Totalsummen for heile stasjonsanlegget var 240 149 kroner.[5]

Bygninga er noko enklare enn dei tidlegare stasjonane på Raumabana. Ho har to etasjar og kjellar, og er reist i uisolert bindingsverk kledd med liggjande trepanel. I gavlane er det ståande vekselpanel. Døra til venterommet og gavlvindauga er pynta med ornament i nyrokokkostil. Bygninga har saltak tekt med skifer. Utanfor ekspedisjonsrommet er eit karnapp mot plattforma med plass for innvendig stillverk. Fyrste etasje hadde venterom, ekspedisjonskontor og telegrafistrom. Godshuset er i ei einetasjes sidefløy. I andre etasje var det overnattingsrom for telegrafistane og tenestebustad med inngang frå baksida. I kjellaren var det rom for brensel, mat og klesvask. Bygninga fikk vassklosett i 1960. I 1975 vart ein del av venterommet teken i bruk som kvilerom og garderobe for baneavdelinga.[6]

På stasjonsområdet var det privetbygning (riven på 1960-talet), dresinbu, uthus (rive 2013) og garasje (riven 2013).

Kulturminne

endre

NSB si bygningsregistrering fra 1981 vurderte Marstein til å vere i god stand og med middels verneverdi.[7]

Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) omtala Marstein som i nokså original stand, med ei plassering som kanskje er «den mest spektakulære på noen norsk jernbane, omgitt som den er av fjell i opptil 1800 meters høyde».[8] Stasjonen er seinare blitt statleg listeført og freda av Riksantikvaren.

Strekningsvern Bjorli - Åndalsnes

endre

Marstein ligg på ei verna strekning. Den 58 kilometer lange strekninga frå Bjorli til Åndalsnes vart foreslått verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) på grunn av den spektakulære plassering til bana og det velbevarte, opphavlege preget hennar. Verneklassa var kategori C; bane med aktiv drift der moderne togdrift skal ta omsyn til kulturminnet.[9]

«

Vernevurdering (2004)
Raumabanen er en av Norges tidligste og fremste turistbaner. Allerede fra åpningen ble det satset på turisme, og strekningen Åndalsnes - Bjorli var velegnet for ekstratog for reisende med cruiseskip som la til i Åndalsnes. Landskapet er på hele strekningen dramatisk. "Verma-avsnittet" er spektakulært, med vendesløyfen, Kylling bro og Vermafossene som de største attraksjonene. Her er det konstruert og bygget jernbane gjennom et landskap som i utgangspunktet er helt uegnet for jernbanebygging.

Raumabanen viser i hovedsak et norsk jernbaneanlegg anno ca. 1920, bygget med datidens teknikker, utstyr og materialbruk. Anlegget er dessuten gjennomført på en forbilledlig måte hva terreng tilpasninger og formgiving av elementene angår. Banen representerer "steinepoken" ved de norske jernbaner. Tunnelportaler, forstøtningsmurer, kulverter, stikkrenner og broer er alt sammen kunstferdig oppmurt av lokal stein, noe som gjør at baneanlegget framstår som en helhet. Ytterligere ett element som beriker strekningen i jernbanehistorisk sammenheng er den intakte stolpekursen.

»


Kjelder

endre
  1. Noregs Statsbanar (1964). Trykk 802a. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjeldende fra 1. mai 1960. Rettelsesblad nr. 16. Gjelder fra 1. januar 1964. (PDF). s. 10. 
  2. Noregs Statsbanar (1964). Trykk 802a. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjeldende fra 1. mai 1960. (PDF). s. 5. 
  3. Noregs Statsbanar (1994). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra juni 1994 (PDF). s. 5. 
  4. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabanen. s. 55. 
  5. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. 
  6. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  7. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 22–27. 
  8. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern. s. 2, 56-58. 
  9. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern. s. 2, 56-58. 

Bibliografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre