Marstein

Marstein er ei bygd i Romsdalen, i Møre og Romsdal. Marstein ligg omtrent midt i Romsdalen om lag ei mil sør-aust for Åndalsnes. Dalen er rimeleg brei og er omkransa av bratte fjell, som Trollveggmassivet og Kalskråtind som er kjent som utgangspunkt for basehopp.

Kalskråtind er kjent for utgangspunkt for basehopp.
Foto: Halvard Hatlen
Marstein i Romsdalen. Mot Trollveggmassivet.
Foto: Halvard Hatlen

Hovudnæring er gardsbruk. Raumabanen og E 136 går gjennom bygda.

Kors kyrkje ligg like ved Marstein og er kyrkje for bygdene midt i Romsdalen.

Kors kyrkje, Romsdalen.
Foto: Halvard Hatlen