Martha’s Vineyard

(Omdirigert frå Martha's Vineyard)

Martha's Vineyard er ei 231,75 km² stor øy ved sørkysten av Cape Cod i Massachusetts. Øya har ein fast folkesetnad på 15 000 og utgjer det meste av Dukes County (resten av fylket består av Elizabeth Islands og Nomans Land). Øya er den tredje største på austkysten av USA, og den største som ikkje har landfast samband. Ho er berre tilgjengeleg via fly eller båt/ferje.

Martha’s Vineyard
øy
Land  USA
Del av Elizabeth Islands
Areal 226,57 km²
Folketal 14 729 (ukjend)
Kart
Martha’s Vineyard
41°24′00″N 70°37′00″W / 41.4°N 70.616666666667°W / 41.4; -70.616666666667
Wikimedia Commons: Martha's Vineyard
Kart over Martha's Vineyard.

Øya var heim for eit av dei første kjende samfunna av døve, og er kjend for eit heilt spesielt teiknspråk som var med å legga grunnlaget for amerikansk teiknspråk. Øya er no primært kjend som ein sommarkoloni, sjølv om heilårsbefolkninga har auka ein god del sidan 1960-talet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Martha’s Vineyard
  Reiseguide for Martha's Vineyard frå Wikivoyage