Martin Handberg

norsk politikar

Martin Halvorsen Handberg (18. juli 186726. september 1940) var ein norsk gardbrukar og politikar, fyrst medlem av Høgre, sidan av Bondepartiet. Han var stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag 1910-12 og frå 1928 til han døydde.

Martin Handberg
Martin Handberg.JPG
Fødd18. juli 1867
Ler
Død26. september 1940 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Senterpartiet
Yrkepolitikar, bonde

Handberg var frå Flå i Sør-Trøndelag, der far hans var gardbrukar. Han tok i 1890 eksamen ved underoffiserskulen i Trondheim. To år seinare overtok han garden Handberg i Børsa etter morfaren, og dreiv garden sidan.

Frå 1895 var han medlem av heradsstyret i Børsa. Tida frå 1904 til 1922 var han ordførar i heradet. Elles var han styreformann i sparebanken og han var forlikskommissær. Han hadde og plass i fylkesutvalet i Sør-Trøndelag i ti år, 1921-31.

Handberg representerte Orkdalen krins og Høgre på Stortinget perioden 1910-12, og var då medlem av jarnbanekomiteen. Frå 1928 til han døydde var Handberg representant frå Sør-Trøndelag og av Bondepartiet. Etter nokre veker i lønningskomiteen var han medlem av utanriks- og konstitusjonskomiteen resten av si tid som stortingsmann. Frå 1931 var han og medlem av fullmaktskomiteen, samt eit par utvida stortingskomitear.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra