Martin Koukal (fødd 25. september 1978) er ein tsjekkisk tidlegare langrennar frå Nové Město na Moravě som vart verdsmeister på 50 km under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Han vann elles ein VM-bronse og ein OL-bronse i ulike stafettøvingar.

Martin Koukal


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 25. september 1978 (45 år)
Nove Mesto
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011

Utmerkingar

Jiří Guth-Jarkovský prize

Aktiv endre

Koukal deltok i verdscupen i langrenn frå 1997 til 2011. Bortsett frå ein tredjeplass i ei sprinttevling i Garmisch-Partenkirchen i desember 1999, vart han lagt lite til merke i skimiljøet føre Ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Under meisterskapen i Nord-Italia gjekk han fyrst inn til sjetteplass på 30-kilometeren, før han fylgde opp med å verte femtemann i sprintrennet. Siste dagen i meisterskapen, 1. mars 2003, overraska han stort ved å vinne femmila i fristil framfor tre svenske utøvarar, med Anders Södergren nærast, 15 sekundar bakom.

Saman med Dušan Kožíšek vann Koukal bronsen på sprintstafetten under Ski-VM 2005. Han var med i gullstriden til innspurten, der han måtte gje tapt for tyske Axel Teichmann i kampen om sølv, Noregs lag vann tevlinga rimeleg klart. Koukal var også med då det vart massespurt på 50 km under Vinter-OL 2006. Han passerte målstreken 3,1 sekundar etter vinnaren, måtte likevel nøye seg med å verte nummer sju. Same plasseringa på same distansen fekk Koukal då Ski-VM 2009 fann stad i Liberec heime i Tsjekkia, ved det høvet 8,1 sekundar bakom gullmedaljøren, Petter Northug. Året etter, under Vinter-OL 2010 i Vancouver kjempa dei same to, som ankermenn, om sølvplassen i 4 x 10 km stafett, eit oppgjer Northug avgjorde til Noregs fordel. Koukal og det tsjekkiske laget fekk dermed bronse.

Koukal la opp i 2014.

Kjelder endre