Martin Spinnangr
Martin «Spinny» Spinnangr (fødd 5. mai 1987) er ein norsk sandvolleyballspelar frå Farsund. Han representerer Farsund Idrettslag.[1]
Martin Spinnangr | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. mai 1987 (37 år) Farsund kommune |
Idrett | Sandvolleyball |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Martin Spinnangr deltok for fyrste gong i OL under sommar-OL 2012 saman med Tarjei Skarlund.[2] Dei to vann mot m.a. Canada,[3] men rauk ut av åttandedelsfinalen etter 2-0-tap mot Latvia.[4] Sandvolleyballspelarane frå Latvia gjekk vidare til å ta olympisk bronse.[5]
Kjelder
endre- ↑ Martin Spinnangr på sports-reference.com, arkivert frå originalen 14. august 2012, henta 14. august 2012
- ↑ Nrk.no, 25.06.12: Skarlund og Spinny til OL
- ↑ Aftenposten, 30.07.12: Ble hetset under oppvarmingen
- ↑ Aftenposten, 03.08.12: Martin Spinnangr føler han har sviktet
- ↑ Nrk.no, 10.08.12: Sandvolley avgjort etter dommerfeil