Opna hovudmenyen

Farsund er ein by og administrasjonssenteret i Farsund kommune i Vest-Agder fylke. Tettstaden ligg på vestsida av sundet som fører inn til Lyngdalsfjorden, og på øyane i sundet: Engøy, Farøy og Gåseholmen, alle med brusamband. Namnet på tettstaden kjem frå sundet mellom Farøy og Spindsodden.[1] Farsund har 3 420 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Farsund
stad
Farsund1.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Kommune Farsund
Areal 2,52 km²
Folketal 3 420 (2017)
Folketettleik 1 357 / km²
Postnummer 4550 FARSUND
Innbyggjarnamn farsundar
Preposisjon i Farsund

Farsund voks fram ved skipsleia langs Farøya lengst nord på Listalandet, og vart ein veksande handelsstad med kjøpstadsrett frå 1849. Byen er sterkt prega av Lund-slekta, som og har æra for å ha grunnlagt han. Mange av dei mest kjende bysborna frå Farsund er knytt til denne familien, mellom dei Eilert Sundt.

Mot slutten av 1700-talet voks Farsund fram som ein handels- og sjøfartsby som var godt kjend ute i resten av verda. Mykje av æra for Farsunds framgang på den tida hadde Jochum Brinch Lund. Lund vert rekna som grunnleggjaren av Farsund. Lund budde i bygget der Nordea Bank i dag held til. Dei fire trea han hadde i hagen finn ein att i byvåpenet.

Farsund er framleis rekna som sjøfartsby, og fleire reiarlag er etablert her. Farsund er eit viktig handels- og servicesenter, og her kjem Farsunds Avis ut. I sentrum står Frelserens kirke, ei langkyrkje i stein frå 1785.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Farsund – tettstedet». Store norske leksikon. 4. august 2015. Henta 20. januar 2018. 
  2. «Farsund». Store norske leksikon. 2. november 2017. Henta 20. januar 2018. 

BakgrunnsstoffEndra