Martin av Tours
Martin av Tours (316–8. november 337) var ein romersk-katolsk misjonær og biskop fødd i Sabaria (i dagens Ungarn). Han er vernehelgen for Frankrike.
Martin av Tours | |||
| |||
Fødd | 316 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Szombathely | ||
Daud | 8. november 397 | ||
Dødsstad | Candes-Saint-Martin | ||
Yrke | katolsk prest, soldat, katolsk biskop | ||
Helgendag | 11. november |
Martin var romersk soldat då han let seg døype 18 år gammal. Sidan var han misjonær mellom keltarane i Gallia. I 361 grunnla han Ligugé-klosteret, det fyrste i Gallia. Ti år seinare vart han utnemnd til biskop i Tours. Nær byen grunnla han klosteret Marmautier, som var eit viktig kyrkjesentrum.
Martin vart dyrka som helgen allereie på 400-talet. Han var ein av dei fyrste ikkje-martyrar som vart helgendyrka, og vart av kong Klodvig I gjort til vernehelgen for frankar-kongane. Festdagen mortensdag, den 11. november, har teke opp i seg skikkar frå ein eldre heidensk haustfest.
Martin levde eit asketisk liv. Av kunstnarar vert han ofte framstilt gjennom ei scene der han som soldat delar kappa si i to med sverdet. Eine halvdelen av kappa gjev han så til ein naken tiggar. Kappa han sjølv hadde att, capella, er opphav til ordet kapell.
Kjelder
endre- Martin av Tours i Store norske leksikon
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |