Martina Zellner (fødd 26. februar 1974) er ein tysk tidlegare skiskyttar frå Schleching i Bayern som vart verdsmeister på 7,5 km i 1999 og vann gullmedaljar med Tyskland i 4 x 7,5 km stafett både under Vinter-OL 1998 og VM 1999. I tillegg sikra ho seg tre individuelle bronsemedaljar og eitt stafettsølv i perioden 1998-2000.

Martina Zellner
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 26. februar 1974 (50 år)
Traunstein
Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's relay

Aktiv endre

Zellner vart nummer tre i verdscupen i skiskyting 1998, hennar store gjennombrotsår som skiskyttar. Under vinterleikane 1998 i Nagano gjekk ho andreetappen for Tyskland sitt sigerrike lag i 4 x 7,5 km stafett, dei andre gullvinnarane var Uschi Disl, Katrin Apel og Petra Behle. Året etter gjekk ho sjølv Tyskland inn til VM-gull på stafetten då VM i skiskyting 1999 fann stad i Kontiolax, Simone Memm var ny på laget då Petra Behle hadde lagt opp. Tidlegare i meisterskapen hadde Zellner vorte verdmeister på 7,5 km og teke bronsemedaljen på jaktstarten. Ved VM i skiskyting 2000 i Oslo gjekk Zellner inn til bronsemedalje på 7,5 km, før ho på ankeretappen gjekk Tyskland inn til sølv på stafetten.

Zellner vann tre renn i verdscupen, eitt i 1999 og to i 2000, og stod 14 gongar på pallen individuelt. Ho la opp i 2002.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre