Ursula «Uschi» Disl (fødd 15. november 1970) i Bad Tölz i Bayern i Tyskland) er ein tysk tidlegare skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister i stafett, og seks gonger verdsmeister (to individuelle).

Uschi Disl


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 15. november 1970 (53 år)
Bad Tölz
Idrett skiskyting, langrenn
Tok del i

Presidentvalget i Tyskland 1999, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Normaldistanse kvinner, biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's individual, Skiskyting under Vinter-OL 1998 – Sprint kvinner, Skiskyting ved Vinter-OL 2002 - sprint for kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2006 – Fellesstart kvinner, biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's relay, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett kvinner, biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's relay

Utmerkingar

Den bayerske fortjenstorden, Silbernes Lorbeerblatt, Sportler des Jahres

Aktiv

endre

Disl har hatt ein lang og suksessrik karriere i skiskyting. Ho var med i Vinter-OL i 1992, første gong skiskyting for kvinner var på OL-programmet og vann sølv med det tyske stafettlaget. Ho var vunne medalje i alle OL etterpå òg:

Ho er dermed den mestvinnande kvinnelege skiskyttaren i OL gjennom tidene, og har vunne medaljar i alle fem OL der kvinneleg skiskyting har stått på programmet. I VM i skiskyting har ho til saman 19 medaljar, derav to individuelle gull frå VM i Hochfilzen i 2005 og seks gull med stafett eller lag.

Frå og med 1993/94-sesongen har ho aldri kome dårlegare enn 8. plass i verdscupen i skiskyting samanlagt. Yrkesmessig er ho tilknytt det tyske politiet.

Kortfatta merittliste

endre

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • 2. plass (1995/96), 3.plass tre gonger
  • Verdsmeisterskap:
    • 8 gull (2 individuelt), 7 sølv, 2 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 2 gull, 4 sølv, 3 bronse (beste individuelt: 2 sølv)
  • Verdscuprenn:
    • 30 gull, 19 sølv, 25 bronse

Bakgrunnsstoff

endre