Opna hovudmenyen

Martinus Henriksson Heggelund

Martinus Bertinus Henriksson Heggelund (7. mai 182914. oktober 1874) var ein norsk gardbrukar og handelsmann frå Hadsel i Nordland.

Martinus Henriksson Heggelund
Fødd7. mai 1829
Død14. oktober 1874
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Faren var gardbrukar og handelsmann på Steilo i Hadsel. Sonen tok over farsgarden i 1854 og deltok som handelsmann i lofotfisket i fleire år. Han var ordførar i Hadsel i mange år og elles forlikskommissær.

Heggelund representerte Nordlands amtStortinget 1868-69 og 1871-73. Han var medlem av næringskomite nr 1 og 1872-73 også av Lagtinget.

Han døydde på garden sin i 1874.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914