Maryam Yusuf Jamal

Maryam Yusuf Jamal, opphavleg Zenebecha Tola, (fødd 16. september 1984) er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Bahrain. Ho vart verdsmeister på 1500 meter i 2007 og 2009, i 2012 vann ho bronsemedaljen på distansen i Sommar-OL.

Maryam Yusuf Jamal


Statsborgarskap Bahrain
Fødd 16. september 1984 (39 år)
Oromiaregionen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Asialekene 2014, Asialeikene 2006, Asialekene 2010

Aktiv endre

Tola/Jamal er ein av fleire, opphavleg afrikanske løparar, som sidan 2002 har hatt suksess under framandt flagg. Ho flykta frå Etiopia i 2004 til Sveits, og fekk året etter statsborgarskap i Bahrain. Same året, den 14. juni 2005 i Rieti, sette ho personleg rekord på 1500 meter med tida 3.56,7. Under i Friidretts-VM i Helsinki kom ho på femteplass.

I verdsmeisterskapen 2007 i Osaka vann Jamal gullmedaljen på 1500 m etter å ha slått russiske Jelena Soboleva i spurten, ein utøvar som året etter vart stroken frå sølvplassen. Jamal vart sabotert under OL-finalen i Beijing og enda som nummer fem. I 2009 forsvarte ho topplassen på 1500 meter ved Berlin-VM m og tok ein ny gullmedalje. Sidan la ho beslag på bronsemedaljen då dei olympiske leikane fann stad i London sommaren 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre