Masada i Emek HaYarden

Masada (hebraisk skrift מַסָּדָה) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg nord i Jordandalen nær Genesaretsjøen og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 296.

Masada
kibbutz
Land  Israel
Region Jordandalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°41′0.23″N 35°35′54.6″E / 32.6833972°N 35.598500°E / 32.6833972; 35.598500
Folketal 345 (2015)
Grunnlagd 1937
 - Grunnlagd av Rumenske emigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Masada i Emek HaYarden
32°41′00″N 35°35′55″E / 32.68339722°N 35.5985°E / 32.68339722; 35.5985
Wikimedia Commons: Kibbutz Masada

Historie endre

Kibbutzen vart grunnlagd i 1937 som ein del av tårn og palisade-systemet av emigrantar frå Romania og medlemmar av kibbutzen Sha'ar HaGolan. Namnet vart teke frå festninga Masada ved Daudehavet, og har ikkje noko med det hebraiske ordet for base eller fundament, «massad», å gjere. Festninga Masada vert på hebraisk kalla Metzada, men dei rumenske nybyggjarane nytta den europeiske varianten av namnet, Masada.

Som i Sha'ar HaGolan, trekte forsvararane i kibbutzen seg attende under slaget i Kinarotdalen i den arabisk-israelske krigen i 1948 etter å ha halde stand i fire dagar med kampar. Dei to kibbutzane vart erobra og ei kort tid haldne av den syriske hæren, som plyndra stadane og sette dei i brann.

Masada og dei andre kibbutzane nær Genesaretsjøen låg i skuggen av Golanhøgdene. Den 29. mars 1968 råka ein traktor frå Masada ei landmine, og sjåføren og tre passasjerar mista livet. Israelske styrkar kom for å hente ut dei døde kroppane, då jordanske styrkar opna eld mot dei. Som hemn gjekk det israelske flyvåpenet til åtak på jordanske mål aust for Beit She'an. Fleire fly vart skadde av antiluftfartyvern, men klarte å returnere trygt til basen sin.

Masada vart hard råka av økonomisk kollaps i 1980-åra. I 2006 vart kibbutzen privatisert.

Kjelder endre