Opna hovudmenyen

Jordandalen (arabisk الغور, Al-Ghor eller Al-Ghawr) er ein del av den større Jordan-riftdalen. Han er 120 kilometer lang og 15 kilometer brei, der han går frå Genesaretsjøen i nord til nordlege Daudehavet i sør. Dalen strekkjer seg vidare 155 kilometer sør for Daudehavet til Akaba, eit område òg kalla Wadi Arabah eller Aravadalen. Han dannar grense mellom Israel og Jordan i nord, og mellom Vestbreidda og Jordan i sør.[1]

Jordandalen
dal
PikiWiki Israel 5247 See of Galilee1.JPG
Jordandalen med utsyn over Genesaretsjøen
Land Flag of Israel.svg Israel, Flag of Jordan.svg Jordan Flag of Palestine.svg Palestina
Koordinatar 32°19′02″N 35°34′12″E
Lengd 120 km
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Jordan Valley (Israel)

Innhaldsliste

Lokalt styreEndra

 
Jordandalen regionale kommune

Seint i 1930-åra danna kibbutzim i Jordandalen Gush kommune, ein regional kommune som var ansvarleg for å samarbeide med styresmaktene i Det britiske mandatet. I 1940-åra heldt dette økonomiske, kulturelle og tryggleikssamarbeidet fram mellom kibbutzim, og eit regionalt skulesystem vart oppretta. I 1949 vart Jordandalen regionale kommune skipa og vart ein modell for regionale kommunar gjennom heile Israel.[2]

DemografiEndra

Det bur kring 47 000 palestinarar i Dei palestinske territoria i dalen, som bur i Vestbreidda fordelt på kring tjue permanente busetnader, som byen Jeriko. Tusenvis fleire, hovudsakleg beduinar, bur i midlertidige samfunn.[3]

Kring 11 000 israelarar bur i 17 landsbyar som utgjer Emek HaYarden regionale kommune i Israel.[4] I tillegg bur 7 500 i 26 israelske busetnader og fem Nahal-brigadeleirar som er oppretta på Vestbreidda sidan 1970-åra.[3] Den jordanske folkesetnaden i dalen er over 85 000 menneske,[5] dei fleste av dei bønder, og 80% av gardane i den jordanske delen av dalen er familiegardar som ikkje er større enn 30 dekar.[6]

Før seksdagarskrigen var dalen busett av kring 80 000 innbyggjarar, som stort sett dreiv med jordbruk.[5] I 1987 vart det estimert at den jordanske folkesetnaden i dalen var over 85 000 menneske,[5] hovudsakleg bønder. 80 % av gardane i den jordanske delen av dalen var familiegardar som ikkje var større enn 3 hektar.[6] I 1971 hadde folketallet falle til 5 000 som følgje av krigen og svart september i Jordan mellom Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO) og Jordan.[5]

GeografiEndra

 
Døypestaden Yardenit ved Jordanelva.

Den nordlege delen av dalen, på arabisk kalla Ghor (غور), omfattar Jordanelva. Området er fleire grader varmare enn tilstøytande område og har jordbruksklima året rundt, med frodig jordsmonn og rikeleg med vatn, slik at Ghor har blitt eit viktig jordbruksområde.[7] Jordanelva spring ut frå forskjellige kjelder, hovudsakleg i Anti-Libanonfjella i Syria. Ho renn ned til Genesaretsjøen, 212 meter under havnivå og munnar så ut i Daudehavet.[7] Sør for Daudehavet vert Jordandalen varm og tørr og denne delen av dalen vert kalla Wadi 'Araba, «villmarka» eller «Arabahørkenen» frå Bibelen.[7]

JordbrukEndra

Det har vore drive i jordbruk i regionen frå kring 10 000 år sidan. Kring 3000 fvt. vart avlingar frå dalen eksportert til naboområda.[7] Dei frodige områda vart omtalte i Gamletestamentet, og Jordanelva er heilag i kristendomen som staden der Johannes døyparen døypte Jesus.[7] Moderne jordbruksmetodar har auka avlingane frå området.[7] Bygginga av Aust-Ghorkanalen i 1950-åra (i dag kalla Kong Abdullah-kanalen), som renn 69 km ned austsida av Jordandalen, har ført vatn til nye område av Jordandalen.[7] Innføringa av flyttbare drivhus har auka produktiviteten slik at Jordan kan eksportere store mengder frukt og grønsaker året rundt.[7]

KjelderEndra

  1. The Jordan Valley during the early Bronze Age
  2. The Jordandalen
  3. 3,0 3,1 B'tselem (13. februar 2006). «Israel has de facto annexed the Jordan Valley». 
  4. About Emek Hayarden R.C.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Jordan». Country Data. Henta 3. oktober 2014.  Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Countrydata» er definert fleire gonger med ulikt innhald Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «Countrydata» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  6. 6,0 6,1 Dana Charkasi (31. august 2000). «High tech may water Jordan Valley, but dry up family farming». Jordan Times. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 «Touristic Sites: The Jordandalen». The Hashemite Kingdom of Jordan.