Masi
bygdelag i Kautokeino i Finnmark
69°26′36.679″N 23°39′59.335″E / 69.44352194°N 23.66648194°E
Masi (nordsamisk Máze) er ei bygd i Kautokeino kommune, sør i Finnmark fylke. Ho har 299 innbyggjarar og er den nest største tettstaden i kommunen, etter Kautokeino. Dei aller fleste av innbyggjarane i Masi er samar, og om lag halvparten er sysselsette innan reindrift.[1]
Stadnamnet Máze/Masi kjem frå elvenamnet Mázejohka, som tyder 'buktande elv'.[1]
Ved utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget på 1970-talet var det opphavleg planlagd å leggja bygda under vatn.[2][1]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Fotnotar