Mask av Vangelis

studioalbum av Vangelis
Mask
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1985
Innspelt Nemo Studios, London, 1984
Sjanger Elektronisk
Lengd 43:47
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Soil Festivities
(1984)
Mask Invisible Connections
(1985)


Mask (stundom kalla The Mask) er eit studioalbum frå 1985 av den greske artisten Vangelis. Det var det siste albumet han produserte medan han budde i London, og det siste han produserte for Polydor. Albumet har ei noko mørk stemning og er spelt inn i klassisk stil, sjølv om det har element av etnisk musikk. Det nådde 69. plassen på den britiske albumlista.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Innhald endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Nr.TittelLengd
1.«Movement 1»10:18
2.«Movement 2»3:26
3.«Movement 3»6:38
4.«Movement 4»8:41
5.«Movement 5»10:00
6.«Movement 6»4:22

Instrumentering endre

Vangelis spelar alle instrument sjølv, hovudsakleg synthesizer. Det er kor på alle spora, inkludert ein mannleg solostemme på det fjerde sporet, men ingen er identifisert på plateomslaget. Koret syng tilsynelatande tilfeldige stavingar, etter kva klangfarge dei gjev, som i dei andre korverka til Vangelis. På liknande vis syng den mannlege tenorvokalen på spor fire ein tekst av eit oppdikta språk som liknar på latin. I seinare intervju har han fortalt at koret truleg er English Chamber Choir og at den mannlege vokalisten er Guy Protheroe. Koret song òg på Heaven and Hell (1975).

Kjelder endre

  1. Brenholts, Jim. «Vangelis - Mask | AllMusic». allmusic.com. Henta 19 June 2013.