Opna hovudmenyen
Handlaga maṣṣá sjemurá.
Fabrikklaga massá.

Ein massá (hebr. מַצָּה maṣṣā), fleirtal massót, er eit usyra brød (flatbrød) til bruk under pesah (jødisk påske).

Om ordetEndra

EtymologiEndra

Ordrota מצה (MṢH) tyder ‘uttørka’ på hebraisk. I 2. mosebok 12:39 er uttrykket עֻגֹת מַצּוֹת (ʕūgōt maṣṣōt, ‘uttørka kaker’) bruka om brøda israelittane baka av deigen dei bar med seg da dei drog i all hast ut av Egypt.

SkrivemåtarEndra

Ordet blir òg stundom skrive som matsá, matza eller matzo i eintal og som matsót, matzot eller matzos i fleirtal.

Sjå ògEndra

  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.