Matej Mavrič

slovensk fotballspelar

Matej Mavrič (fødd 29. januar 1979 i Koper i Slovenia) er ein slovensk fotballspelar som spelar i forsvar for Kapfenberger SV i den austerrikske toppdivisjonen, og for det slovenske landslaget.

Matej Mavrič
Personleg informasjon
Fødd 29. januar 1979
Fødestad Koper i Jugoslavia
Høgd 187 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Kapfenberg
Nummer 4
Ungdomsklubbar
Piran
Primorje
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-99
2000-04
2004-07
2007
2007-10
2010-
Primorje
Gorica
Noreg Molde
Tyskland Koblenz (lån)
Tyskland Koblenz
Kapfenberg
37 (1)
101 (8)
52 (7)
11 (1)
80 (9)
0 (0)
Landslag
1998-2001
2002-
Slovenia U21
Slovenia
10 (0)
35 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mars 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Mavrič vart seriemeister i Slovenia i 2004 med Gorica. Han forlét Slovenia same året og gjekk til Molde i den norske Tippeligaen. Han var i Molde fram til 2007 og vart cupmeister i Noreg i 2005. I 2007 gjekk han til Koblenz i tysk 2. Bundesliga. Då Koblenz rykte ned i 2010, gjekk Mavrič til Kapfenberg i Austerrike.

Mavrič debuterte for Slovenia sitt A-landslag 21. august 2002 som innbytar i ein privatlandskamp mot Italia. Han var med i Slovenia sin tropp til fotball-VM i 2010, men utan å spela nokon av kampane.