Koper (italiensk Capodistria) er ein kystby og ein kommune i Slovenia. Han er den største hamnebyen i landet og ligg ved kysten av Adriahavet. Byen har om lag 25 000 innbyggjarar og er offisielt tospråkleg med både slovensk og italiensk som offisielle språk. Attraksjonar i Koper er mellom anna Pretorianarpalasset i venetiansk gotisk stil, klokketårnet Carmine frå 1100-talet og domkyrkja St. Nazarius med tårn frå 1300-talet.

Koper
Hamna i Koper
Hamna i Koper
Hamna i Koper
Plassering
Koper is located in Slovenia
Styresmakter
Land  Slovenia
Borgarmeister Boris Popovič
Geografi
Flatevidd
 - By

311,2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

24 704
  79,4 /km²
Koordinatar 45°33′0″N 13°44′0″E / 45.55000°N 13.73333°E / 45.55000; 13.73333
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6000
Retningsnummer (tlf) (+386) 05
Bilnummer KP
Nettstad: www.koper.si

Koper ligg òg ved ein av dei største grenseovergangane mellom Slovenia og Italia.

Historie endre

 
Moderne bustadområde

Koper utvikla seg frå ein eldgammal busetnad på ei øy søraust i Koperbukta. I den greske antikken vart byen kalla Aegida, og seinare vart han kjend med dei latinske namna Capris, Caprea, Capre eller Caprista, som det moderne slovenske namnet kjem frå.

I 568 flykta romerske innbyggjarar frå den nærliggande Tergeste (dagens Trieste) til Capris på grunn av invasjonen til langobardane. Tl ære for den austromerske keisaren Justinian II, vart byen omdøypt til Justinople. Seinare kom Justinople under både langobardisk og frankisk styre.

 
Pretorianarpalasset
 
I gamlebyen
 
Kopertårnet

Sidan 700-talet, og kanskje heilt sidan 500-talet, har Koper vore sete i eit bispedøme. Ein av biskopane i Koper var den lutherske reformanten Pier Paolo Vergerio. I 1828 vart bispedømet slått saman med bispedømet Trieste.

Det har eksistert handel mellom Koper og Venezia sidan 932. I krigen mellom Venezia og Det tysk-romerske riket var Koper på den tyske sida, og som følgje av dette fekk han byrettar i 1035 av keisar Konrad II. Frå 1232 kom Koper under patriarkatet Aquileia og i 1278 vart han ein del av Republikken Venezia.

Koper voks og vart hovudstad i det venetianske Istria og fekk namnet Caput Histriae, «hovudstaden i Istria», som det moderne italienske namnet Capodistria kjem frå.

Etter den første verdskrigen vart byen ein del av Italia, og etter den andre verdskrigen vart han ein del av Sone B i Fristaten Trieste og kontrollert av Jugoslavia. Dei fleste italienske innbyggjarane forlet byen i 1954 då Fristaten Trieste vart oppløyst og Sone B vart ein del av det kommunistiske Jugoslavia. I 1977 vart det romersk-katolske bispedømet Koper skild frå bispedømet Trieste.

Då Slovenia vart sjølvstendig i 1991 vart Koper den einaste kommersielle hamna i Slovenia.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Koper

Kjelder endre