Mathias Gidsel
Mathias Gidsel (fødd 8. februar 1999) er ein dansk handballspelar frå Skjern. Han vart verdsmeister 2021 og 2023 med Danmark sitt landslag. Sidan 2022 gjer han teneste i tyske Füchse Berlin. Han er høgre rykkromspelar.
Mathias Gidsel | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 8. februar 1999 (25 år) Skjern |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball under Sommar-OL 2020 – Menn |
Utmerkingar | Årets handballspelar frå IHF |
Karriere
endreLandslagsspel
endreGidsel fekk sin landslagsdebut 7. november 2020 mot Finland og vart straks teken ut til Handball-VM 2021. Under verdsmeisterskapen i Egypt imponerte han stort då Danmark forsvarte VM-tittelen frå 2019 ved å slå Sverige i finalen. Prestasjonane gjorde at han fekk plass på det såkalla AllStar-laget. Ved dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021 vart Gidsel kåra til turneringas beste spelar, endå om Danmark tapte finalen mot Frankrike. Han spelte også framifrå då Danmark la beslag på bronseplassen i europameisterskapen 2022, atter kom han med på AllStar-laget. I Handball-VM 2023 forsvarte Danmark meistertittelen, samstundes som Gidsel vart toppskårar i turneringa og kåra til den beste spelaren i meisterskapen.
Klubbspel
endreGidsel var Gudme-spelar i heimlandet frå 2017 til 2022. Med GOG vann han i 2019 den nasjonale cupfinalen, i 2022 vart han seriemeister. Eitt år seinare bidrog han mykje til at Füchse Berlin slo Granollers 36–31 i finalen i EHF-europaserien.
Merittar
endre- VM-gull: 2021 og 2023 med Danmark
- OL-sølv: 2021 med Danmark
- EM-bronse: 2022 med Danmark
- Vinnar av EHF-europaserien: 2023 for Füchse Berlin
- Dansk seriemeister: 2022 for Gudme OG
- Dansk cupmeister: 2019 for Gudme OG
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mathias Gidsel» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2023.