Opna hovudmenyen

Mathura-skulen er ein kunststil innan som hadde senter i Mathura i det nordlege India frå 100-talet f.Kr. til 1100-talet. Kunstforma vara ved gjennom fleire ulike dynasti, og hadde sin glansperiode frå det første hundreåret til 500-talet, under Kusjan- og Gupta-rika. Skulen er kjend for menneskelege buddhafigurar i raud sandstein som blei spreidd over store delar av sentrale Nord-India.

Saman med gandharakunst representerte mathurakunst ei ny retning for buddhistisk kunst der ein byrja å avbilda buddhafigurar. Tidlegare hadde steinhoggarne halde seg til symbolske skulpturar eller i nokre høve framstillingar av tidlegare naturguddommar.

Yakshifigur under eit asjokatre.
Buddhahovud med typisk spiralhår.

Buddhafigurane frå mathuraskulen er kjenneteikna av ei livfull framstilling der buddhaene har breie bryst og skuldrer, eit rundt andlet med eit smil, og høgre hand løfta i gesten abhayamudra. Hovudet er typisk barbert i eldre skulpturar, medan håret seinare er representert av flattrykte spiralar. Dette blei ei vanleg framstilling i heile den buddhistiske verda. Kleda følgjer kroppen tett og kan liggja over venstrearmen, medan høgre skulder er berr.

Kvinnelege figurar fortset yakshitradisjonen (kvinnelege naturgudar) ved at dei ofte er sett saman med tre. Skulpturane er ofte nakne eller halvnakne, og kan visast medan dei steller seg og liknande.

Mathuraskulen laga også hindu- og djainskulpturar, som har mange av dei same karakteristikkane som dei buddhistiske. Herskarar blei framstilte sett frå framsida med typiske klede, som tunika, høge støvlar og konisk hatt for Kusjan-kongane.

KjelderEndra

  • «Mathurā art», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.