Matt McGinn
Matthew McGinn (17. januar 1928–5. januar 1977) var ein skotsk folkesongar, skodespelar, forfattar og diktar.[1] McGinn var fødd i Glasgow i 1928, og var ein av dei leiande låtskrivarane i den britiske folkemusikkrørsla på slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet.
Matt McGinn | |||
| |||
Fødd | 17. januar 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow | ||
Død | 5. januar 1977 (48 år) | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Verka som | songar-låtskrivar |
Liv
endreMatt McGinn var fødd i Calton i East End av Glasgow den 17. januar 1928. Han vart det åttande barnet i ei familie av ni, og den formelle utdanning hans enda då han blei send til ein approved school (tvangsanstalt) som tolvåring. Til trass for dette var McGinn tidleg i 20-årsalderen blitt anerkjent som ein svært karismatisk debattant om venstreorientert politikk. Etter at han fekk forlata anstalten arbeidde han ved GKN-fabrikken i Hillington, og brukte fritida si på kveldsundervising og lesing. Han fekk eit fagforeningsstipend for å studere økonomi og statsvitskap ved Ruskin College i Oxford då han var 31. Etter å ha gått ut studerte han for å bli lærar ved Huddersfield Teachers' Training College og arbeidde så som lærar i Lanarkshire i tre år før han blei organisator for Gorbals Adventure Playground.
McGinn blei del av folkemusikkmiljøet etter å ha vunne ein songkonkurranse med songen «The Foreman O'Rourke». Han møtte Pete Seeger i 1961 då Seeger var på turne på dei britiske øyane. Seeger spreidde musikken til McGinn i USA, og arrangerte ein konsertopptreden for han i Carnegie Hall, der McGinn møtte ein ung Bob Dylan. Musikkarrieren hans hadde byrja under folkemusikkbølgja på 1960-talet, men medan andre vende seg mot det dei oppfatta som tradisjonsmusikk, fann McGinn si eiga nisje som humorist, dramatikar og låskrivar. Han skreiv ei rekkje songar, mange av dei med material frå sine eigne livserfaringar frå Glasgow. Han var republikanar og fagforeningsmann, og var medlem av Kommunistpartiet i Storbritannia. Konsertane hans i klubbar og konserthallar var svært populære. Den fyrste innspelinga til McGinn var i 1962, då han blei med på Folkways Records sin Revival in Britain, vol. 1, ei samling sett saman av Ewan MacColl. Han var òg, i lag med Bob Dylan og Pete Seeger, med på Broadside Ballads Vol. 1, som kom ut i 1963. McGinn var òg med på samleplata The Best of Broadside 1962-1988, som kom ut i 2000 og blei nominert til ein grammypris i kategorien Best Historical Album i 2001.
McGinn døydde 5. januar 1977 av røykinhalering, 48 år gammal (12 dagar før han fylte 49), etter å ha sovna med ein tend sigarett i handa. Obuksjonen fann ingen spor av alkohol i blodet hans.
I januar 2019 blei det sett opp ein blå plakett for McGinn i Calton-distriktet i East End i Glasgow.[2]
Diskografi
endre- 1966: Matt McGinn
- 1967: Matt McGinn Again
- 1968: The Boys From Lisbon
- 1968: I Have Seen The Highlands & I’ll Be Coming Home To Glasgow
- 1968: Honesty Is Out of The Fashion
- 1969: Little Ticks of Time
- 1969: The Matt McGinn Sampler
- 1971: Take Me Back To The Jungle
- 1972: Tinny Can On My Tail
- 1972: The Two Heided Man
- 1973: Magic Shadow Show
- 1974: The Two Heided Man Strikes Again
- 1975: Screwtops Are Falling On My Head
- 1975: Ma Wee Auntie Sarah & Granda
- 2007: Best of Matt McGinn
Kjelder
endre- ↑ Simmonds, Jeremy (2008). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches. Chicago Review Press. s. 103. ISBN 978-1-55652-754-8.
- ↑ McKenna, Kevin (20. januar 2019). «Glasgow honours Matt McGinn, folk hero who was once bigger than Dylan». The Observer (på engelsk). ISSN 0029-7712. Henta 20. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Matt McGinn (Scottish songwriter)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2024.