Singer-songwriter
musikar som framfører sjølvskrivne og sjølvkomponerte songar
Singer-songwriter eller songar og låtskrivar viser til ein musikar som framfører sjølvskrivne songar. Omgrepet er ofte brukt om ein eigen musikksjanger knytt til viser, folkrock og indierock, og viser særleg til soloartistar som akkompagnerer seg sjølve på eit akustisk instrument som gitar eller piano.
Singer-songwriter-stilen var særs populær på 1960-talet med artistar som Bob Dylan og Joan Baez, og blei vidareført av Neil Young, Leonard Cohen, Randy Newman, James Taylor, Nick Drake, Joni Mitchell, Cat Stevens og mange andre.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Singer-songwriter[daud lenkje] ved utdanning.no
- Denne artikkelen bygger på «Singer-songwriter» frå Wikipedia på svensk, og «Singer-songwriter» frå Wikipedia på dansk den 19. oktober 2011.
Denne musikkartikkelen som har med litteratur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.