Matthias Kyburz (fødd 5. mars 1990) er ein sveitsisk orienteringsløpar frå Rheinfelden. Åra frå 2012 til 2021 sanka han seks gullmedaljar, fem sølvmedaljar og ein bronsemedalje ved ulike verdsmeisterskap i orientering. Han sigra i verdscupen i orientering åra 2012, 2013, 2016, 2017 og 2018.

Matthias Kyburz


Statsborgarskap Sveits
Fødd 5. mars 1990 (34 år)
Rheinfelden
Idrett orientering
Tok del i

Verdenslekene 2017, Verdenslekene 2013

Aktiv

endre

Perioden 2011-22 vann Kyburz 23 tevlingar i verdscupen i orientering. Han sigra på så vel kort-, mellom- og klassisk distanse, som i utslags-sprint. På sveitsisk heimegrunn vart han i 2012 verdsmeister på kortdistansen, framom sine samnemnde landsmenn Matthias Merz og Matthias Müller. Sidan vann Kyburz VM-gull i stafett 2015 og på mellomdistansen i 2016 og 2021. Under VM 2022 i Danmark gjekk han til topps i utslags-sprinten.

I europameisterskap i orientering sprang Kyburz inn til fyrsteplass på både kort- og mellomdistanse i 2016, og på ny i 2018. Ved europameisterskapen 2021 i Neuchâtel i heimlandet vann han gullmedaljar på kortdistansen, utslagssprinten og mixstafetten.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

endre
  • VM 2012: Gull på kortdistansen
  • VM 2013: Nr 4 på mellomdistansen
  • VM 2014: Sølv i stafett, nr 5 på klassiskdistansen
  • VM 2015: Gull i stafett, nr 6 på klassiskdistansen
  • VM 2016: Gull på mellomdistansen, sølv på kortdistansen og i stafett
  • VM 2017: Nr 4 på kortdistansen
  • VM 2018: Sølv i stafett, nr 4 på mellomdistansen
  • VM 2019: Nr 4 på klassiskdistansen
  • VM 2021: Gull på mellomdistanse, sølv på klassiskdistansen. Bronse i stafett
  • VM 2022: Gullmedalje i utslags-sprint

Kjelder

endre