Neuchâtel (tysk Neuenburg) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Neuchâtel ved Neuchâtelsjøen. Byen har 32 973 innbyggjarar (2010) og eit areal på 18 km². Byen ligg 430 meter over havet. Det store fleirtalet i byen har fransk morsmål.

Neuchâtel
Horisonten til Neuchâtel
Horisonten til Neuchâtel
Kommunevåpenet til Neuchâtel
Kommunevåpenet til Neuchâtel


Plassering
Neuchâtel is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Neuchâtel
Distrikt Neuchâtel
Språk fransk
Borgarmeister Antoine Grandjean
Geografi
Flatevidd
 - kommune

18,05 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

32 973
  1 826,8 /km²
Koordinatar 46°59.51′0″N 6°55.86′0″E / 46.99183°N 6.93100°E / 46.99183; 6.93100
Høgd over havet 430 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 2000
Nettstad: www.neuchatelville.ch

Byen Neuchâtel ligg ved nordvestbreidda av Neuchâtelsjøen ved utløpet til elva Seyon, nokre kilometer aust for Peseux og vest for Saint-Blaise. Namnet Neuchâtel tyder «Nyslott» på norsk.

Neuchâtel universitet er frå 1909, og i tillegg er her handelshøgskule og andre høgskular. Byen har fleire museum og vitskaplege samlingar. Centre Dürrenmatt, som vart innvigd i 2000, presenterer Friedrich Dürrenmatt som forfattar, målar og teiknar. Notre Dame-kyrkja i byen er frå 1100–1200-talet. Neuchâtel slott var bustaden for tidlegare grevar og fyrstar av Neuchâtel. Dei eldste delane er frå 1100-talet og slottet husar no kantonadministrasjonen.

Byen vart grunnlagd på 1000-talet og fekk byrettar i 1214.

Kjelder endre

  • Neuchâtel – by. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Neuch%C3%A2tel/by
  • Bakgrunnsstoff endre