Matthias Merz
Matthias Merz (fødd 1. februar 1984) er ein sveitsisk tidlegare orienteringsløpar frå Menziken. Han vart verdsmeister i klassisk løype i 2007 og fekk stafett-gull under VM 2009.
Matthias Merz | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 1. februar 1984 (40 år) Menziken |
Idrett | orientering |
Tok del i | Verdenslekene 2005 |
Aktiv
endreMerz var heilt suveren då han ved verdsmeisterskapen 2007 i Ukraina slo andremann på klassiskdistansen med nærare 4 enn 3 minutt. På kortdistansen var han nær ved å vinn gull nummer 2, han enda 0,9 sekund bakom franske Thierry Gueorgiou. To år seinare la Merz beslag på bronseplassen på mellomdistansen ved VM i Ungarn. Under VM 2012 ved Lausanne sprang han i mål til sølvmedalje både på den klassiske distansen og kortdistansen, bak høvesvis Olav Lundanes frå Noreg og sin eigen landsmann, Matthias Kyburz.
Tida frå 2005-10 sanka Merz tre VM-bronsar og eitt VM-gull i stafett. I 2007 gjekk han til topps i alle tre tevlingane ved den nordiske meisterskapen på Bornholm; klassisk løype, kort løype og stafett. Året etter vann han EM-gull i stafett for Sveits.
Merz vart tredjemann i verdscupen i orientering i 2008, 2011 og 2012.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
endre- VM 2005: Bronsemedalje i stafett
- VM 2007: Gull på klassiskdistansen, sølv på kortdistansen
- VM 2008: Bronsemedalje i stafett, nr 5 på klassiskdistansen
- VM 2009: Bronse på mellomdistanse, gull i stafett
- VM 2010: Bronsemedalje i stafett
- VM 2011: Nr 6 på kortdistansen
- VM 2012: Sølv på klassisk- og kortdistansen
- VM 2013: Nr 6 på klassiskdistansen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Matthias Merz» frå Wikipedia på tysk, den 11. juli 2023.