Matthias Sammer (fødd 5. september 1967) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Dresden. Han var lagkaptein på det tyske landslaget som vann fotball-EM 1996, same året vart han også kåra til årets spelar i Europa. Sammer spelte på Borussia Dortmund då klubben sigra i Meisterligaen 1997. Midtbanedirigenten tok del i totalt 74 landskampar; 23 for Aust-Tyskland og 51 for Tyskland.

Matthias Sammer
Matthias Sammer 2722.jpg
Sammer i 2013
Personleg informasjon
Fullt namn Matthias Sammer
Fødselsdato 5. september 1967 (52 år)
Fødestad Dresden i Aust-Tyskland
Høgd 180 cm
Posisjon Defensiv midtbane
Sweeper
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1985-1990 Dynamo Dresden 102 (39)
1990-1992 Stuttgart 63 (20)
1992-1993 Inter 11 (4)
1993-1998 Borussia Dortmund 115 (21)
Totalt 291 (84)
Landslag
1986-1990 Aust-Tyskland 23 (6)
Tyskland 51 (8)
Trenar for
2000-2004 Borussia Dortmund
2004-2005 Stuttgart
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KarriereEndra

Austtysk fotballEndra

 
Sammer med trofeet etter den austtyske cupfinalen 1990

Frå 1985 til 1990 spelte Sammer på Dynamo Dresden, der han dei to siste sesongane i klubben var med å vinne den austtyske toppdivisjonen (Oberliga). Han avslutta tida med Dynamo med siger i den austtyske fotballcupen etter 2-1 over Schwerin den 2. juni 1990.

Sammer spelte 23 landskampar for Aust-Tyskland i tida frå november 1986 til september 1990. Han skåra begge måla då heimelaget Belgia fekk stryk med 0-2 den 12.9.1990, i det som var den siste landskampen til det austtyske fotballforbundet. I alt netta han sju gongar med Aust-Tyskland.

Alltysk og italiensk fotballEndra

Sommaren 1990 vart Sammer overført til vesttyske VfB Stuttgart, ein klubb der han var med å vinne Bundesliga 1992. Deretter gjekk turen til eit ganske mislukka opphald i Inter frå Milano 1992/93-sesongen. Han returnerte så til Borussia Dortmund, der han fekk ei sentral rolle på midtbana og i laget. Både våren 1995 og året etter var han med han med då laget vann Bundesliga. Den største triumfen kom likevel i 1997, då han som kaptein på Borussia førte laget til triumf i meisterligafinalen 1997 med 3-1 over italienske Juventus. Ein langvarig kneskade førte til at han la opp i 1998.

Sammer debuterte på det samla Tyskland sitt landslag i desember 1990, ein vennskapskamp mot Sveits i Stuttgart. Han spelte på Tyskland i fire av dei fem kampane under fotball-EM 1992 i Sverige, og likeeins under VM i fotball 1994 i USA. Då fotball-EM 1996 fann stad i England, hadde Sammer ei meir framståande rolle i det tyske laget. Han spelte samtlege minuttar i turneringa og skåra to mål, mellom anna sigersmålet i kvartfinalen mot Kroatia. Med siger 2-1 over Tsjekkia i finalen tok Tyskland og Sammer pokalen med heim, iir ein meisterskap der Sammer vart kåra til turneringas beste spelar. Etter EM spelte Sammer ytterlegare fire landskampar, den siste i eit mållaust oppgjer mot Ukraina den 4. juni 1997. Landskampen i Kiev var hans 51. for Tyskland, han skåra sju gongar for det alltyske landslaget.

MerittarEndra

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • EM-sølv: 1992 med Tyskland
  • Vinnar av Meisterligaen: 1997 med Borussia Dortmund
  • Austtysk seriemeister: 1989 og 1990 med Dynamo Dresden
  • Tysk seriemeister: 1992 med Vfb Stuttgart, 1995 og 1996 med Borussia Dortmund
  • Austtysk cupmeister: 1990 med Dynamo Dresden

KjelderEndra