Matti Otala

Matti Otala (fødd 26. desember 1939) er ein finsk akademikar, som mellom anna er kjend for forsking på audioforsterkarar[1][2][3].

Matti Otala
Fødd26. desember 1939
Død9. august 2015
NasjonalitetFinland
Yrkeprofessor

Han tok doktorgraden sin ved Universitetet i Oulu i 1969 og var professor i elektronikk ved Universitetet i Oulu i perioden 1967—1974. Han er medlem av det finske akademiet for teknisk vitskap, «fellow» av The Audio Engineering Society og seniormedlem av Institute of Electrical and Electronics Engineers.

KjelderEndra

  1. Otala, M., Transient distortion in transistorized audio power amplifiers, IEEE Trans. on Audio and Electroacoustics, Vol. AU-18, nr. 3, Sept. 1970, ss. 234-239.
  2. Otala, M. og Ensomaa, R., Transient intermodulation distortion in commersial audio amplifiers, J. Audio Eng. Soc., Vol. 22, No. 4, mai. 1974, ss. 244-246.
  3. Otala, M. og Huttunen, P., Peak current requirement of commercial loudspeaker systems. J. Audio Eng. Soc., Vol. 35, No. 6, Juni 1987, ss. 455-462.