Matty Groves
«Matty Groves» er ei engelsk folkevise, eit døme på det som på engelsk vert kalla murder ballad. Han skildrar eit møte mellom ein mann og ei gift kvinne som endar med at ektemannen til kvinna oppdagar dei og tek livet av dei. Dette er eit ganske vanleg tema innan denne sjangeren. Songen går minst attende til 1600-talet og er ein av Child Ballads samla inn av Francis James Child på 1800-talet. Han har òg andre namn, som «Little Musgrave and Lady Barnard». Ei svært populær og meir uskuldeg avleiing er songen «Shady Grove», truleg med opphav i oldtime-musikken frå Appalachane i det søraustlege USA. Han er spela inn av ei rekkje bluegrassband – som det fyrste av den sorten, Bill Monroe and The Blue Grass Boys – og, i The Andy Griffith Show, av The Dillards og Maggie Peterson. «Matty Groves» sjølv er og spela inn mange gongar; innan bluegrass m.a. av Doc Watson.
Samandrag
endreKona til ein adelsmann, Lord Arlen (andre namn er Lord Daniel, Arnold, Donald og Barnard), forfører Matty Groves (eller Little Musgrave), ein tenar for ektemannen, med seg til sengs. Lord Arlen får vite om utruskapen; i somme versjonar høyrer ein pasje dei og åtvarar Lord Arlen; lorden lover han løn om han fortel sanninga -- å gjere han til arving eller la han få gifte seg med eldstedottera -- og avrette han om han lyg. Adelsmannen kjem heim, der han overraskar paret til sengs. Han drep dei ikkje med ein gong for Matty bed om å få våpen. Lord Arlen drep Matty Groves i ein duell. Då kona avviser han med forakt og seier at ho heller vil ha elskaren, sjølv om ho må døy, stikk han ho i hjartet. Balladen kan slutte der, eller med at lorden døyr, anten ved sjølvmord eller ved avretting.
Somme versjonar av balladen inneheld element av ein morgonsong, ei poetisk form der elskarane forlet kvarandre etter å ha vore natta i lag.
Innspelingar
endreAlbum/Singel | Artist | år | Variant | Merknad |
---|---|---|---|---|
John Jacob Niles Sings American Folk Songs | John Jacob Niles | 1956 | Little Mattie Groves | |
British Traditional Ballads in the Southern Mountains, Volume 2 | Jean Ritchie | 1960 | Little Musgrave | |
Joan Baez in Concert | Joan Baez | 1962 | Matty Groves | |
Home Again | Doc Watson | 1966 | ||
Liege & Lief | Fairport Convention | 1969 | Matty Groves | Fleire konsertversjonar gjeven ut sidan |
Prince Heathen | Martin Carthy | 1969 | Little Musgrave and Lady Barnard | |
Ballads and Songs | Nic Jones | 1970 | Little Musgrave | |
Just Gimme Somethin' I'm Used To | Norman Blake og kona Nancy Blake | 1992 | Little Matty Groves | |
Christy Moore | Christy Moore | 1976 | Little Musgrave | |
The Woman I Loved So Well | Planxty | 1980 | Little Musgrave | Christy Moore, som òg spelte inn songen, var medlem av Planxty |
Out Standing in a Field | The Makem Brother and Brian Sullivan | 1992 | Matty Groves | |
You Could Be the Meadow | Eden Burning | 1994 | ||
Robyn Hitchcock | Matty Groves | berre på konsert [1] | ||
Live at the Mineshaft Tavern | ThaMuseMeant | 1995 | ||
Hepsankeikka | Tarujen Saari | 2000 | Kaunis neito | (på finsk) |
On and On | Feler's Green | 1997 | Matty Groves | |
Never Set the Cat on Fire | Frank Hayes | 1977 | Like a Lamb to the Slaughter | gjort som ein parodi |
Ralph Stanley | Ralph Stanley | 2002 | Little Mathie Grove | |
Sings Sandy Denny | Linde Nijland | 2003 | Matty Groves | |
Season of the Witch | The Strangelings | 2007 | Matty Groves | |
Prodigal Son | Martin Simpson | 2007 | Little Musgrave | |
The Peacemaker's Chauffeur | Jason Wilson Band | 2008 | Matty Groves | Reggae-arrangement med Dave Swarbrick, hovudsakleg basert på Fairport-versjonen |
Foxhat Compilation | The Fox Hat! | 2009 | Matty Groves | |
Folk Songs | James Yorkston and the Big Eyes Family Players | 2009 | Little Musgrave | |
Alela & Alina | Alela Diane med Alina Hardin | 2009 | Matty Groves, Lord Arland | |
Orphans: Brawlers, Bawlers and Bastards | Tom Waits | 2009 | Mathie Grove | |
Sweet Joan | Sherwood | 2010 | Matty Groves | (på russisk) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Matty Groves» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Teksten (F.J.Child)
- Teksten Arkivert 2010-11-20 ved Wayback Machine. (Fairport Convention)
- Little Musgrave and Lady Barnard
- Mattie Groves, ein variant