Maudheim

Maudheim var ein overvintringsstasjon på Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land, Antarktis. Stasjonen vart nytta av ein norsk-britisk-svensk ekspedisjon i 1949-52, den første internasjonale forskingsekspedisjonen til Antarktis.[1] Maudheimstasjonen bestod av to hus, eit lager, radioanlegg med antenne og diverse meteorologiske installasjonar og låg åå isbremmen Quarisen.

Maudheim
stasjon
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°3′ S 10°56′ W
Administrert under Antarktistraktaten

Maudheim
71°3′0″ S 10°55′0″ W
Maudheim is located in Antarktis
Maudheim (Antarktis)

Deltakarane i ekspedisjonen fekk Maudheimmedaljen, ei spesialutgåve av Kongens fortenstmedalje i sølv.

Maudheim vart vitja av ein norsk antarktisekspedisjon åtte år seinare. Stasjonen var då heilt dekt av is. Berre to meter av det ti meter høge meteorologiske tårnet stakk opp av isen.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • John Giæver (1952). Maudheim : to år i Antarktis. Oslo: Gyldendal.