Opna hovudmenyen

Quarisen er ein isbrem mellom Kapp Norvegia og Søråsen langs kysten av Dronning Maud Land.

Quarisen
isbrem
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°20′S 11°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Quarisen is located in Antarktis
Quarisen (Antarktis)

Han vart kartlagt av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) (1949–1952). Isbremmen vart kalla opp etter Leslie Quar, ein britisk radiomekanikar og elektrikar på NBSAE, som drukna då weaselen hans køyrte over kanten av denne isbremmen den 24. februar 1951.

NBSAE oppretta Maudheim kring 1,5 km sør for Norsel Iceport.

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Quar Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).