Maximilian III Josef av Bayern
Maximilian III Josef (28. mars 1727–30. desember 1777) var kurfyrste og hertug av Bayern frå 1745 til 1777.
Maximilian III Josef av Bayern | |
![]() | |
Kurfyrste av Bayern | |
Regjeringstid | 1745-1777 |
---|---|
Fødd | 28. mars 1727 |
Fødestad | München |
Død | 30. desember 1777 |
Dødsstad | München |
Gravstad | Theatinerkirche |
Føregangar | Karl Albert |
Etterfølgjar | Karl Theodor |
Gift med | Maria Anna av Polen og Sachsen |
Dynasti | Huset Wittelsbach |
Far | Karl VII av Det tysk-romerske riket |
Mor | Maria Amalia av Østerrike |
BiografiEndra
Ha var fødd i München og var den eldste sonen til keisar Karl VII og kona hans Marie Amilie av Austerrike. Besteforeldra på morssida var keisar Josef I og Wilhelmina Amalia av Brunswick-Lüneburg.
Då faren døydde i 1745 arva han eit land som var i ferd med å verte invadert av Austerrike under den austerrikske arvefølgjekrigen og måtte gje opp kravet på keisartrona og gjere fred med Maria Teresia av Austerrike med Füssen-traktaten, der han avtalte å støtte ektemannen hennar, storhertug Frans Stefan av Toscana i det komande keisarvalet.
Maximilian Josef var ein progressiv og opplyst herskar som gjorde mykje for å utvikle landet sitt. I 1747 vart porselensfabrikken i Nymphenburg grunnlagd. Den første akademiske institusjonen i München, Det bayerske vitskapsakademiet, vart grunnlagd i 1759 av Maximillian III. Under den alvorlege dyrtida i 1770 selde Maximilian kronjuvelane for å betale korn. Dette året gav han òg ut ediktet mot den ekstravagante pompøsiteten som kyrkja synte, og dette endra den bayerske rococo-perioden. Han forbaud òg Oberammergau pasjonsskodespel.
Desember 1777 døydde Maximilian Josef av koppar utan arving. Som den siste av den yngre greins av huset Wittelsbach, som kom frå Ludvig IV av Det tysk-romerske riket, og som hadde styrt Bayern sidan tidleg på 1300-talet, førte dødsfallet hans til den korte bayerske arvefølgjekrigen. Gemalinna til Maximilian, Maria Anna Sofia av Sachsen, forhandla med Preussen for å sikre Bayern sjølvstende mot Austerrike. Til slutt vart Maximilian etterfølgd av ein fjern slektning, kurfyrste Karl IV frå den eldre greina av dynastiet.
Maximilian III Josef er gravlagd i krypta i Theatinerkirche i München.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Maximilian III Joseph, Elector of Bavaria» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2008.