Maximilian II av Det tysk-romerske riket

Maximilian II (31. juli 152712. oktober 1576) var tysk-romersk keisar frå 25. juli 1564 til han døydde i 1576.

Maximilian II av Det tysk-romerske riket

Statsborgarskap Erkehertugdømet Austerrike
Fødd 31. juli 1527
Wien
Død

12. oktober 1576 (49 år)
Regensburg

Yrke keisar
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Ferdinand I av Det tysk-romerske rike
Mor Anne av Böhmen og Ungarn
Ektefelle Maria av Østerrike
Maximilian II av Det tysk-romerske riket på Commons
Maximilian II

Maximilian var fødd i Wien. Han var konge av Böhmen frå 1562 og av Ungarn frå 1563. Då faren Ferdinand I døydde sommaren 1564 vart han utropt til tysk-romersk keisar.

Det tyske riket var djupt splitta etter reformasjonen, og Maximilian arbeidde med å utjamne motsetnadene mellom katolikkar og protestantar i riket. Han heldt fast ved kontakta med leiande lutheranarar, mellom anna for å halde riket samla mot innverkanden frå Det osmanske riket.

Maximilian døydde i Regensburg, 49 år gammal.

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.