McLinbreen
McLinbreen er ein sidebre som flyt nord for McKenzie Nunatak og ut i Gravesonbreen i Bowers Mountains. Isbreen deler skard med Carryerbreen i vest og får delvis istilførsel frå Edlin Neve. Han vart namngjeven av geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) i området, 1967–68, etter kapteinløytnant Robert D. McLin i U.S. Navy som var pilot på Hercules LC-130-flyet i Antarktis det året.
McLinbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 71°12′S 163°27′E / 71.200°S 163.450°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
McLinbreen 71°12′S 163°27′E / 71.2°S 163.45°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «McLin Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).