Medfødd immunforsvar

Medfødd immunforsvar er eit immunforsvar som ikkje er spesifikt med omsyn til patogen. Det finst mellom anna hjå både ryggradsdyr og ryggradslause dyr, og planter. Hjå ryggradsdyr kjem det sterkare adaptive immunforsvaret i tillegg til det medfødde. Det medfødde immunforsvaret er fyrste lina i forsvaret mot patogen og er verksamt innan minutt etter den fyrste fyrste kontakten med eit patogen. Det kan stogga ein infeksjon, og hjå ryggradsdyr kan det om naudsynt halda ein infeksjon i sjakk i før det adaptive immunforsvaret byrjar å verka.

Ein makrofag, ein type fagocytt

Til det medfødde immunforsvaret høyrer mellom anna fysiske barrierar som huda, betennelse, komplementsystemet, fagocyttar og toll-like reseptorar.

KjelderEndra