Mehmet Scholl

tysk fotballmanager og fotballspelar

Mehmet Tobias Scholl, fødd Yüksel, (fødd 16. oktober 1970) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare fotballtrenar frå Karlsruhe. Han vart europameister med Tyskland i 1996. Med Bayern München vann Scholl, som var midtbanespelar, både UEFA-cupen 1996, Meisterligaen 2001, åtte ligameisterskap og fem nasjonale cuppokalar.

Mehmet Scholl
16-04-11-Pressekonferenz ARD und ZDF Fußball-EM 2016 RalfR-WAT 7057.jpg
Mehmet Scholl i 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Mehmet Tobias Scholl
Fødd 16. oktober 1970 (49 år)
Fødestad Karlsruhe i Vest-Tyskland
Høgd 177 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1989-1992 Karlsruher 58 (11)
1992-2007 Bayern München 338 (98)
Totalt 392 (98)
Landslag
1995-2002 Tyskland 36 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Scholl spelte på Karlsruhe SC fram til 1992. Sidan var han Bayern München-spelar til han la opp i 2007. Frå 1994 til 2006 var han som midtbanespelar med å vinne bundesligaen åtte gongar. I mai 1996 skåra han i begge UEFA-cupfinalane mot Girondins Bordeaux, eit oppgjer som Bayern vann med 2-0 borte og 3-1 heime. Tre år seinare var han innbytar då Bayern tapte meisterligafinalen 1999 med 1-2 mot Manchester United. Høgdepunktet som Bayern-spelar kom 23. mai 2001 då laget vann Meisterligaen 2001 gjennom ei straffesparktevling.

LandslagsspelEndra

I tida 1995-2002 deltok Scholl i 36 landskampar og skåra 8 mål. Han var med i Fotball-EM 1996, ei turnering der han i finalen vart bytta ut mot Oliver Bierhoff, midtspissen som med sine to mål snudde kampen til tysk siger 2-1. Ein skade gjorde Scholl uaktuell til verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. I europameisterskapen 2000 skåra han Tysklands einaste mål i turneringa, det tyske laget rauk elles rett ut etter å ha sanka eitt einaste poeng i gruppespelet.

MerittarEndra

  • Europameister: 1996 for Tyskland
  • Vinnar av meisterligaen: 2001 med Bayern München
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München
  • Tysk seriemeister: 1994, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2005 og 2006 med Bayern München
  • Tysk cupmeister: 1998, 2000, 2003, 2005 og 2006 med Bayern München

KjelderEndra