Mekanisert infanteri

Mekanisert infanteri er infanteri utrusta med pansra personellkøyretøy. Det skil seg frå motorisert infanteri som nytter upansra køyretøy, til dømes lastebilar, jeepar og bussar. Dei pansra personellkøyretøya kan ha maskinkanon, maskingevær og granatkastarar.

Mekanisert infanteri
Sovjetisk stormpansarvogn BMP-1

Til skilnad frå stridsvognseiningar, der alle soldatar sit i køyretøyet, består hovuddelen av det mekaniserte infanteriet av infanteristar som er utrusta for strid til fots.

Nemninga "mekanisert infanteri" er lite brukt fordi det flettar seg inn i motstykket motorisert infanteri. Dei fleste militære einingar har ei blanding av pansra og upansra kjøretøy, og på norsk vert nemninga motorisert infanteri brukt òg om avdelingar som har Pansra personellkøyretøy som hovudvåpen. På russisk vert nemninga "motostrelkoviye vojska" brukt, noko som tyder "motorskytestyrkar". På svensk brukar dei nemninga "motor skytte", på tysk "motorisierte schützen" og på engelsk "Motor Rifle" og avdelingar som truleg burde kallast "mekaniserte" etter definisjonen i Wikipedia.