Meløyfjorden
66°47′22″N 13°17′44″E / 66.78944°N 13.29556°E Meløyfjorden er ein fjord i Meløy kommune i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av Meløya og nord for Åmøya, Grønøya og Bakkan på fastlandet. Han strekkjer seg 10 km austover frå Bolgfjorden i vest til Glomfjorden i aust.
Fjorden har innløp mellom Kjølsholmen i nord og Åmøyhamn i sør. Like aust for Åmøyhamn ligg Grønøya på nordsida av Åmøya. Mellom desse to øyane går Åmøysundet sørover til Skardsfjorden på sørsida av øya. Aust for Grønøya ligg dei to grendene Valla og Bakkan på fastlandet. I aust endar fjorden mellom Gjersholmen på Meløya i nord og Vassdalsvik i sør. Mellom desse to stadane går det ferje over fjorden, samt vestover til øya Bolga, som ligg vest for det vestlege innløpet til Meløyfjorden.
Fv466 går langs nordsida av fjorden på Meløya, medan Fv464 og Fv452 går langs delar av sørsida.