Vassdalsvik er ei lita grend og ferjestad i Meløy kommune i Nordland fylke. Frå Vassdalsvik går det ferjerute i Torghatten Nord sitt samband Ørnes-Vassdalsvik-Meløysund-Bolga-Støtt. Ferja har anløp av Vassdalsvik fleire gonger dagleg. Dei som bur i Vassdalsvik har i dag postadresse Engavågen, fram til 1. september 1988 fanst det postopneri på staden med postnummer 8173.[1] I 2024 var folketalet 41 personar.

Vassdalsvik
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Meløy
Postnummer 8170 ENGAVÅGEN
Kart
Vassdalsvik
66°48′N 13°36′E / 66.8°N 13.6°E / 66.8; 13.6

Historie

endre

Kommunikasjon

endre

I 1912 fekk Vassdalsvik bygd det første dampskipskaiet i kommunen.[2] I 1967 kom det fergekai og bilferge i ruta Ørnes - Vassdalsvik - Ågskardet vart sett i drift, med det var det første vegsambandet med fergedrift mellom nord- og sørbygda i Meløy kommune kommet i gang.[3]

Næringsliv

endre

Vassdal Mølle vart etablert rundt år 1900, kornmølla vart elektrifisert i 1907 med strøm frå eiget kraftverk. Kundegrunnlaget var Nordland fylke, men under første verdskrigen blei det i tillegg malt kort for staten. Det årlege kornvolumet som ble malt i Vassdalsvik var i 1938 ca. 60 000 tonn, dette gjorde ut for 15 % av alt korn som blei malt i landet det året. Etter andre verdskrigen fall grunnlaget for drifta, og verksemda blei avvikla i 1952.[2]

Storks skofabrikk blei etablert ca. 1926, men fabrikkbygninga stod ferdig først mot slutten av 1937. På det meste var 5-6 personar tilsett med produksjon av tresko. Den siste kunden var Norsk Jernverk, då drifta opphøyrde tidleg i 1977. Same året vart Nordanett AS etablert i fabrikklokala med produksjon av not og trålline med ca. 20 tilsette.[4] Nordanett fekk kommunen sin næringspris i 1994.[5]

Fiskeri: I perioden etter andre verdskrigen til midten av 1980-talet deltok båtar frå Vassdalsvik på sildefiske langs norskekysten og ved Island og Jan Mayen, og på loddefiske ved Finnmark. Til dømes var det eit år utrusta fem båtar frå Vassdalsvik med samla mannskapstal på over 100.[6]

Folketalsutvikling

endre
Vassdalsvik grunnkrets
År Folketal
1960[7]
113
1970[8]
110
1980[9]
108
1990[10]
75
2001[11]
45
2011[12]
47
2021[12]
40
2024[12]
41

Kjelder

endre
  1. «8173 VASSDALSVIK (Poståpneri)». DigitaltMuseum. 
  2. 2,0 2,1 Hallvard Kristensen, Vassdal Mølle, artikkel i Årbok nr 1, s. 38-44, 1985, Meløy Historielag
  3. «Saltens Dampskibsselskab, Bodø. 1868-1990, den første dampskipsfarten i nord». Jens Chr. Egenæs. 2007. Arkivert frå originalen 12. mai 2024. 
  4. Hallvard Kristensen (1988). «Treskoproduksjon i Vassdal, artikkel i Årbok nr 4» (PDF). Meløy Historielag: 47-49. Arkivert frå originalen (PDF) 12. mai 2024. 
  5. Meløy kommune Næringsprisen 12. oktober 2023
  6. Fygle, Svein (1991). Fiskerihistorie for Meløy 1850-1991. Meløy kommune. s. 234-235. ISBN 8274160347. 
  7. «Folketelling 1960, kommunehefte Meløy» (PDF). SSB. 
  8. «Folketelling 1970, kommunehefte Meløy» (PDF). SSB. 
  9. «Folketelling 1980, kommunehefte Meløy» (PDF). SSB. 
  10. «Folketelling 1990, kommunehefte Meløy» (PDF). SSB. 
  11. «Befolkning, etter grunnkrets, år og statistikkvariabel» (PDF). SSB. 
  12. 12,0 12,1 12,2 «04317: Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år». SSB.