Mel Gaynor

Mel George Gaynor (fødd 29. mai 1959)[1] er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet Simple Minds i mange år.[2] Gaynor hadde far frå Jamaica og afro-brasiliansk mor.

Mel Gaynor
Mel Gaynor Simple Minds.jpg
Gaynor på scenen i 2006
Fødd29. mai 1959 (62 år)
FødestadStor-London, Balham (London)
FødenamnMel George Gaynor
OpphavBalham i London i England
AktivSidan 1982
Sjanger
InstrumentTrommer, perkusjon, vokal
Tilknytte artistarSamson, Simple Minds, Voodoo Circle
Verka somMusikar

Etter å ha slutta i Samson, der han spelte i lag med Bruce Dickinson, vart Gaynor med i Simple Minds i 1982. Han spelte først med bandet som studiomusikar på New Gold Dream (81-82-83-84) og kom inn i bandet permanent på den påfølgjande turneen, då han erstatta Mike Ogletree. Utanom ein perioden borten frå bandet på 1990-talet, spelte han trommer i Simple Minds fram ti 2017.

I tillegg til Simple Minds, har Gaynor spelt med andre artistar som Elton John, Lou Reed, Tina Turner, Meat Loaf, Mango, Kirsty MacColl, The Associates, Orange Juice, Peter Gabriel, The Pretenders, Prljavo kazalište, Gary Moore, Jackson Browne, Little Steven, Brian May, The Nolans, Goldie, Robert Palmer, Joan Armatrading og Light of the World.

KjelderEndra

  1. «29. mai 1959 in History». BrainyHistory. Henta 9. september 2020. 
  2. Mel GaynorAllmusic. Henta 9. september 2020.

BakgrunnsstoffEndra