Simple Minds er eit skotsk rockeband skipa i Glasgow 1977. Det har gjeve ut ei rekkje hitsinglar, og vart mest kjent internasjonalt i 1985 for hitten «Don't You (Forget About Me)» frå filmen The Breakfast Club. Andre hitsinglar er mellom andre «Alive and Kicking», «Sanctify Yourself» og «Belfast Child» (britisk nr. 1). Gruppa har fått fem album på toppen av den britiske albumlista og har selt meir enn 60 millionar album.[3] Ho var den skotske gruppa med størst kommersiell suksess i 1980-åra.[4]

Simple Minds

Simple Minds på scenen i 2017
AliasJohnny & The Self-Abusers (1977)
OpphavGlasgow i Skottland
AktivSidan 1977
Sjanger
Tilknytte artistarPropaganda
Endgames
Ex-Simple Minds
Plateselskap
MedlemmerJim Kerr
Charlie Burchill
Ged Grimes
Sarah Brown
Gordy Goudie
Cherisse Osei
Berenice Scott
Tidlegare medlemmerBrian McGee
Tony Donald
John Milarky
Allan McNeill
Duncan Barnwell
Mick MacNeil
Derek Forbes
Kenny Hyslop
Mike Ogletree
Mel Gaynor
John Giblin
Eddy Duffy
Andy Gillespie
Catherine AD

Trass i fleire endringar i besetninga, har Simple Minds halde fram å spele inn musikk og turnere. I 2016 fekk gruppa Ivor Novello-prisen for songane sine av British Academy of Songwriters, Composers, and Authors.[5] Kjernen i Simple Minds består av dei to attverande, originale medlemmane, Jim Kerr (vokal) og Charlie Burchill (gitar og stundom klaverinstrument etter 1990, saksofon og fiolin). Dei andre noverande medlemmane er Ged Grimes (bassgitar), Cherisse Osei (trommer), Sarah Brown (korvokal), Gordy Goudie (ekstra gitar & klaverinstrument). Av tidlegare medlemmar finn ein mellom andre Mick MacNeil (klaverinstrument), Derek Forbes (bass), Brian McGee & Mel Gaynor (trommer).[6]

Historie endre

Røter og tidlege år endre

Røtene til Simple Minds kom frå det kortvarige punkbandet Johnny & The Self-Abusers, skipa i South Side i Glasgow tidleg i 1977.[6]

Ideen til bandet kom frå scenemakaren Alan Cairnduff frå Glasgow, først som eit imaginært band, men han overlet organiseringa av bandet til venen John Milarky. Etter forslag frå Cairnduff, slo Milarky seg saman med to musikarar han ikkje hadde spelt med før - venen, songaren og tekstforfattaren Jim Kerr og gitaristen Charlie Burchill. Kerr og Burchill hadde kjend kvarandre sidan dei var åtte år gamle. Etter å ha blitt med i Johnny & The Self-Abusers, henta dei inn to andre skulevener, Brian McGee på trommer og Tony Donald på bass. Alle fire hadde tidlegare spelt i lag i skulebandet Biba-Rom!.

Med Milarky som songar, gitarist og saksofonist, vart besetninga fullført av venen hans Allan McNeill som tredje gitarist. Kerr og Burchill spelte òg begge høvesvis klaverinstrument og fiolin. Som mange av dei tidlege pønkebanda gjorde, tok dei forskjellige medlemmane scenenamn — Milarky vart «Johnnie Plague», Kerr vart «Pripton Weird», McNeill valde «Sid Syphilis» og Burchill valde «Charlie Argue».

Johnny & The Self-Abusers spelte den første konserten sin andre påskedag, 11. april 1977, på Doune Castle pub i Glasgow. Bandet varma opp for dei blømande punkstjernene Generation X i Edinburgh to veker seinare. Bandet spelte denne sommaren fleire konsertar i Glasgow, men delte seg snart i to fraksjonar, med Milarky og McNeill på den eine sida og Kerr, Donald, Burchill og McGee på den andre. Samstundes vart songane til Milarky skvisa ut til fordel for songane til Kerr og Burchill.

I november 1977 gav Johnny & The Self-Abusers ut den einaste singelen sin, «Saints and Sinners», på Chiswick Records (som vart avist som «ordinær» i ei melding i Melody Maker. Bandet vart oppløyst same dagen som singelen kom ut, der Milarky og McNeil i lag skipa The Cuban Heels. Dei kvitta seg med scenenamna og den openberre pønkarstilen og dei attverande medlemmane kom saman som Simple Minds (og kalla seg sjølv opp etter ei tekstlinje i David Bowie-songen «Jean Genie»).[7]

Originale Simple Minds (1977–1981) endre

Første konsertar og besetningsendringar endre

I januar 1978 henta Simple Minds inn Duncan Barnwell som andregitarist. Dermed kunne ein bruke to gitarar samstundes, eller la Burchill spele fiolin. Samstundes slutta Kerr å spele klaverinstrument for å konsentrere seg om synginga. I mars 1978 fekk Kerr, Burchill, Donald, Barnwell og McGee med seg klaverspelaren Mick MacNeil frå Barra. Bandet fekk raskt eit rykte som eit spanande konsertband og spelte ofte med mykje sminke. Dei skaffa seg så ein manager-avtale med Bruce Findlay, som eigde platebutikkjeden Bruce's Records. Findlay eigde òg Zoom Records (ei avdeling under Arista Records), og brukte stillinga si til å få Simple Minds ein avtale hos Arista.[6] Tidleg i 1980 vart Findlay fulltidsmanager for bandet via føretaket hans Schoolhouse Management.

Besetninga til bandet vart ikkje fast før slutten av 1978. Tony Donald slutta i april 1978 før dei første demolydbanda til Simple Minds vart spelte inn (han vart seinare gitarteknikaren til Burchill). Han vart erstatta av venen til Duncan Barnwell, Derek Forbes (tidlegare bassist i The Subs). I november 1978 vart Barnwell spurt om å slutte. Den attverande kvintetten med Kerr, Burchill, MacNeil, Forbes og McGee vert generelt rekna som den første seriøse besetninga til Simple Minds. Dei byrja å øve inn songar som Kerr og Burchill hadde skrive og som kom til å bli spelt inn for debutalbumet.

Life in a Day endre

Det første Simple Minds-albumet, Life in a Day, vart produsert av John Leckie og gjeve ut av Arista i april 1979. Tittelsporet vart gjeve ut som den første singelen til Simple Minds og nådde 62. plassen på UK Singles Chart, medan albumet nådde 30. plassen på UK Albums Chart.[6] Den neste singelen («Chelsea Girl») gjekk ikkje inn på lista. Medan dei førebudde idear for den neste plata, spelte dei som oppvarming for Magazine, før dei gjekk attende i studio med Lecike for å arbeide på nye songar.

Real to Real Cacophony endre

Det andre albumet til Simple Minds, Real to Real Cacophony, skilde seg kraftig frå popsongane på Life in a Day.[6] Albumet var mørkare og langt meir eksperimentelt, og annonserte litt av new wave-stilen som kom til å bli dominerande på dei neste to albuma. Mykje av albumet vart skriven i studio, sjølv om Simple Minds hadde spelt fleire tidlege versjonar av fleire songar på dei nylege konsertane deira.

Av dei nye retningane til bandet på Real to Real Cacophony var det mellom anna minimalistiske strukturar basert på rytmeseksjonen Forbes og McGee, i tillegg til at dei brukte uvanlege taktartar. Bandet eksperimenterte òg med element av dub, som på den ordlause og atmosfæriske «Veldt» der dei prøvde å skape inntrykket av eit afrikansk landskap ved hjelp av elektroniske lydar, den improviserte saksofonen til Burchill og ropa og synginga til Kerr. Singelen frå albumet var «Changeling».

Empires and Dance endre

Det neste albumet var Empires and Dance, gjeve ut i september 1980.[6] Mange av spora var minimale og det vart nytta mykje sequencing. Klaverinstrumentet til McNeil og bassen til Forbes vart dei viktigaste melodiske elementa i lydbiletet til bandet, medan den kraftig prosesserte gitaren til Burchill vart nytta meir som tekstur. Med dette albumet byrja Kerr å eksperimentere med ikkje-forteljande tekstar basert på observasjonar han gjorde då bandet reiste rundt om i Europa på turné.

Sjølv om det berre selde moderat, fekk Empires and Dance positive meldingar frå den britiske musikkpressa[8] og fanga merksemda til andre artistar. Peter Gabriel valde Simple Minds som oppvarmingsband på fleire konsertar på den europeiske turneen hans i 1980.[9]

I 1981 byta Simple Minds plateselskap frå Arista til Virgin.[6] Året etter gav Arista ut samlealbumet Celebration, med songar frå dei tre førre albuma.

Sons and Fascination og Sister Feelings Call endre

Den første utgjevinga til Simple Minds på Virgin var to album: det Steve Hillage-produserte Sons and Fascination og Sister Feelings Call.[6] Det sistnemnde kom opphavleg ut som ei bonusplate med dei 10 000 første vinyleksemplara av Sons and Fascination, men vart sidan gjeven ut som eit sjølvstendig album.[6] For CD-utgåva vart dei igjen plassert saman på ei enkel plate, der dei to første spora på Sons and Fascination var fjerna. Seinare utgåver på CD hadde med desse to songane òg.

Singelen «Love Song» vart ein internasjonal hit og nådde topp 20 i Canada og Australia, og den instrumentale «Theme for Great Cities» viste seg å vere så varig at dei spelte han inn på ny i 1991 som B-sida til singelen «See the Lights».

På denne tida utvikla bandet òg den visuelle estetikken sin, ved hjelp av det grafiske designbyrået til Malcolm Garrett, Assorted iMaGes. Han var først prega av ein hard, kraftig typografi og foto-collage. Designet til Garret for bandet vart seinare blanda med pop-religiøs ikonografi i reine, integrerte innpakkingar som passa det idealiserte imaget til bandet som ny-romantiske leverandørar av europeisk anthem-pop.

Trommeslagaren Brian McGee slutta i bandet mot slutten av innspelinga av Sons and Fascination fordi han var utsliten av den stadige turneringa til Simple Minds,[6] og ønskte å bruke meir tid heime med familien. Han vart seinare med i gruppa Propaganda.

Gjennombrot (1982–1983): New Gold Dream (1981–1984) endre

McGee fekk først erstatta trommeslagaren i Simple Minds med Kenny Hyslop (tidlegare i Skids, Slik og Zones), som kom inn i bandet i oktober 1971 i tide til å spele på den første delen av Sons and Fascination-turneen.[6] Interessa hans i musikk frå New York (som funk, hip-hop og dance) hadde raskt ein effekt på den musikalske utviklinga til bandet. Han var med bandet lenge nok til å spele trommer på den neste singelen deira, den disco-venlege «Promised You a Miracle»[6] (basert på eit funkriff frå ein av kassettane han spelte i turnébussen til bandet) som nådde topp 20 i Storbritannia og topp 10 i Australia. Hyslop «passa ikkje inn» i bandet eller med manageren (noko som vart vere av at han ikkje likte plateselskap) og i februar 1982 slutta han i bandet etter fem månader.

Hyslop vart erstatta av perkusjonisten Mike Ogletree frå Kilmarnock (tidlegare trommeslagar for Café Jacques).[6] Ogletree kom inn i Simple Minds for øvingar i ein stor, ombygd låve i Perthshire, der han skreiv og spelte trommer for songane som vart til New Gold Dream (81–82–83–84). Ogletree spelte òg med bandet på TV og på den andre delen av 'Sons and Fascination Tour'.

Bandet flytta inn i Townhouse Studios for innspelingar i lag med produsenten Peter Walsh, som introduserte dei for trommeslagaren Mel Gaynor frå London,[6] ein 22 år gammal studiomusikar med mykje erfaring (mellom anna for The Nolans og Samson med Bruce Dickinson). Han arbeidde tett med Ogletree for å få spelt inn rytmane i Pertshire og spelte trommer på det meste av plata. Ogletree spelte trommer på tre spor og perkusjon på resten av plata.

 
Billett for ein konsert med bandet på Tiffany's i Glasgow den 20. desember 1982.

New Gold Dream (81–82–83–84) kom ut i september 1982 og bestod av innspelingane med Walsh og «Promised You a Miracle». Albumet vart eit kommersielt gjennombrot med hitsinglar som «Glittering Prize» (som nådde britiske topp 20 og australske topp 10).[6] Somme av songane («Promised You a Miracle», «Colours Fly and Catherine Wheel») fortsette stilen dei hadde på Sons and Fascination, medan andre spor («Someone Somewhere in Summertime», «Glittering Prize») var rein pop.[6] Jazz-klaverspelaren Herbie Hancock spelte ein synth-solo på sporet «Hunter and the Hunted».

Mike Ogletree spelte på den første delen av New Gold Dream-turneen, men slutta i bandet like etter i november 1982 for å bli med i Fiction Factory. Mel Gaynor vart henta inn (som fulltidsmedlem i bandet) for resten av turneen. Gaynor var det første ikkje-skotske medlemmet i Simple Minds og vart den lengstvarande trommeslagaren deira (og medlemmet utanom Burchill og Kerr) trass i at han slutta og kom attende tre gonger dei neste tiåra.

Stadionrock-åra: 1984–1991 endre

Sparkle in the Rain endre

Den neste plata deira, Sparkle in the Rain, vart produsert av Steve Lillywhite og kom ut i februar 1984.[6] Det inneheldt hitsinglane «Waterfront» (som gjekk til topps i somme europeiske land), «Speed Your Love to Me» og «Up on the Catwalk». Sparkle in the Rain toppa albumlista i Storbritannia og nådde høgt på listene i fleire andre land (mellom anna 13. plassen i Canada).[10]

I 1984 gifta Jim Kerr seg med Chrissie Hynde i Pretenders (som skifta namn til Christine Kerr).[6] Simple Minds drog på ein turné i Nord-Amerika med China Crisis som oppvarmingsband på den kanadiske delen og Pretenders i USA, medan Hynde var gravid med dottera til Kerr. Ekteskapet varte fram til 1990.

Trass i at dei hadde slått gjennom i Storbritannia, Europa, Canada og Australia, var Simple Minds i røynda heilt ukjende i USA. Dei britiske utgjevingane på Arista var ikkje blitt plukka opp av Arista USA som hadde førsteretten til utgjevingane deira. Filmen The Breakfast Club frå 1985 vart gjennombrotet til Simple Minds i den amerikanske marknaden, då bandet fekk den einaste førsteplassen sin på den amerikanske hitlista i april 1985 med avslutningssongen i filmen, «Don't You (Forget About Me)».[6] Songen var skriven av Keith Forsey og Steve Schiff.[6] Forsey tilbaud songen til Billy Idol og Bryan Ferry før Simple Minds gjekk med på å spele han inn. Songen gjekk til topps i mange andre land verda rundt.

På dette punktet byrja venskapen som hadde drive fram Simple Minds å slå sprekker, og i løpet av dei neste ti åra var det stadige endringar i besetninga. Jim Kerr sa «Me var utslitne. Me var ufølsame. Bandet byrja å sprekkje. Me var karar som hadde vokse opp i lag, me var meint å vekse saman, politisk, andeleg og kunstnarisk. Men me var byrja å bli lei kvarandre. Det var eit element av kvardagsslitet som krypande inn. Me var på gang og heile denne greia var ei utfordring.»[11]

Første mann ut var bassisten Derek Forbes, som byrja å krangle med Kerr. Forbes slutta å møte opp på øvingane og fekk til slutt sparken. Forbes heldt kontakten med bandet (og slo seg snart saman med eit anna tidlegare Simple Minds-medlem, trommeslagaren Brian McGee, i Propaganda). Forbes vart erstatta av den tidlegare Brand X-bassisten John Giblin (som eigde øvingslokalet til bandet og var ein studiomusikar som hadde arbeidd med Peter Gabriel og Kate Bush). Giblin debuterte med Simple Minds på Live Aid i Philadelphia, der bandet framførte «Don't You (Forget About Me)», ein ny song kalla «Ghost Dancing» og «Promised You a Miracle». Simple Minds var det første bandet som vart spurt om å spele på Philadelphia-delen av Live Aid.

Once Upon a Time og Live in the City of Light endre

I 1985 var Simple Minds i studio med den tidlegare Tom Petty/Stevie Nicks-produsenten Jimmy Iovine. I november kom Once Upon a Time ut.[6] Den tidlegare Chic-songaren Robin Clark song kall-og-svar-vokal med Kerr på albumet (og vart i røynda den andre solosongaren i bandet) og var mykje med i musikkvideoane til Simple Minds på den tida. Plata gjekk til topps i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA, trass i at den store gjennombrotssingelen deira, «Don't You (Forget About Me)», ikkje var med.[6]

Once Upon a Time gav fire store hitsinglar: «Alive and Kicking», «Sanctify Yourself», «Ghost Dancing» og «All the Things She Said».[6]. Sistnemnde hadde ein musikkvideo regissert av Zbigniew Rybczyński som nytta teknikkar utvikla i musikkvideoar for band som Pet Shop Boys og Art of Noise. Bandet turnerte òg med både Robin Clark og perkusjonisten Sue Hadjopoulos på scenen.

Sidan Simple Minds hadde eit kraftfullt nærvær på scenen og tekstane var innom kristen symbolisme, vart dei i musikkpressa kritiserte for å vere ei bleikare utgåve av U2, trass i at begge banda no gjekk i forskjellige musikalske retningar.[6] Dei to gruppene kjende godt til kvarandre, og Bono stod på scenen med Simple Minds i Barrowlands i Glasgow i 1985 for ein versjon av «New Gold Dream». Bono var òg med dei på scenen på ein konsert i Croke Park og song «Sun City» under ein medley med «Love Song». Derek Forbes var òg på scenen med bandet under den same konserten og spelte på fleire av songane under ekstranummera. For å dokumentere turneen gav Simple Minds ut det doble konsertalbumet Live in the City of Light i mai 1987[6] som hovudsakleg vart spelt inn i løpet av to kveldar i Paris i august 1986.

I 1988 hadde bandet bygt sitt eige platestudio — Bonnie Wee Studio — i Skottland. Etter ein lengre turné for Once Upon a Time, byrja Simple Minds å skrive nye songar. I starten byrja bandet på eit instrumentalt prosjekt kalla Aurora Borealis (hovudsakleg skriven av Burchill og MacNeil). Dette prosjektet vart så erstatta av ein aukande interesse for politisk aktivisme, noko dei hadde byrja å legge vekt på dei siste åra (ved å gje alle inntektene for singelen «Ghostdancing» til Amnesty International og spele ein versjon av Little Steven sin «(Ain't Gonna Play) Sun City» på turné), inspirert av Peter Gabriel som dei hadde turnert med tidleg i 1980-åra.

Simple Minds var det første bandet som gjekk med på å spele på Mandela Day, ein konsert på Wembley Stadium i London, som eit uttrykk for solidaritet med den då fengsla Nelson Mandela.[6] Artistane som skulle spele på konserten vart spurt om å lage ein song for høvet og Simple Minds var den einaste som gjorde dette. Songen var «Mandela Day», som bandet spelte på konserten (i lag med coverversjonar av «Sun City» med Little Steven og «Biko» av Peter Gabriel, der Gabriel sjølv song solovokal). «Mandela Day» kom ut på EP-en Ballad of the Streets, som gjekk til topps på den britiske singellista (den einaste gongen bandet klarte dette).[12]

Eit anna EP-spor, «Belfast Child», var ein omskriven versjon av den keltiske folkevisa «She Moved Through the Fair»[6] (som hadde blitt introdusert til Kerr av John Giblin) med ein ny tekst skriven om den pågåande konflikten i Nord-Irland). Singelen var òg eit uttrykk for støtta deira til kampanjen for å få sleppt gislet Brian Keenan fri frå Beirut etter å ha blitt kidnappa av Islamsk Jihad.

Street Fighting Years endre

Det neste albumet Street Fighting Years (produsert av Trevor Horn og Stephen Lipson) gjekk bort frå den amerikanske soul- og gospelinspirerte stilen på Once Upon a Time til fordel for filmatiske atmosfærar og ein ny akustisk- og viseprega stil. Tekstane var òg meir direkte politiske, og dekka tema som skatt, Soweto, Berlinmuren og utplasseringa av atomubåtar på den skotske kysten.

Besetninga endra seg igjen under innspelinga av Street Fighting Years.[6] Mel Gaynor og John Giblin bidrog begge til innspelinga, men begge slutta i bandet før albumet kom ut. Bandet var då blitt ein trio med Kerr, Burchill og MacNeil. I ei ny utvikling for bandet vart bassen og trommene spelte inn av kjende studiomusikarar. Gaynor var berre ut av bandet ei kort stund og kom attende for den påfølgjande turneen.

Albumet kom ut i 1989 og gjekk til topps i Storbritannia[13] og fekk fem av fem stjerner i magasinet Q. Ei melding i Rolling Stone var mindre positiv og kritiserte bandet for det meldaren rekna som tomt politisk prat. «This Is Your Land» vart vald ut som den første singelen for USA, men sjølv med gjestevokal frå Lou Reed, gjekk ikkje singelen inn på poplista.

I lag med Mel Gaynor henta Simple Minds inn Malcolm Foster (tidlegare i Pretenders) som den nye bassisten sin og utvida konsertutgåva av bandet med tre ekstra medlemmar - korvokalisten i Level 42, Annie McCaig, perkusjonist Andy Duncan og fiolinisten Lisa Germano. Turneen byrja i mai 1989 og inkluderte den første og einaste gongen gruppa fylte Wembley Stadium,[14] der dei fekk med seg andre skotske band som oppvarmingsartistar, The Silencers, Texas og Gun. I september var tein konsert på det romerske amfiteateret Verona Arena i Italia spelte inn for videoen Verona og gjeven ut av Virgin i 1990.

Mot slutten av turneen la Simple Minds planar om å dra til Amsterdam for å spele inn eit nytt album. Like før slutten av turneen annonserte klaverspelaren Michael MacNeil for bandet at han ikkje kom til å bli med dei fordi han ønskte ein pause. MacNeil spelte den siste konserten sin med Simple Minds i Brisbane ei veke seinare. På den tida vart det sagt at MacNeil slutta av uro for helsa si, men han hadde gradvis slite med livsstilen og den stadige turneringa til bandet (i tillegg til det Kerr omtalte som «fleire animerte kranglar».[15])

Kring same tid fekk den mangeårige manageren deira, Bruce Findlay, sparken og dei neste par åra nytta bandet ei rekkje musikarar kring den attverande kjernen, Kerr og Burchill. MacNeil sa «Etter eg slutta, forsvann på eit vis alt, og Bruce fall i den omveltinga. Eg syns ikkje han fortente det og eg har mykje sympati for han etter måten han vart handsama på.»

I desember 2009 forsvarte Kerr hendlingane i ein nettartikkel. Han innrømde at avslutninga til MacNeil hadde vore eit «kolossalt brot». Han hylla òg den tidlegare bandkollegaen og innrømde at MacNeil hadde vore uerstatteleg.[15]

Simple Minds fortsette å spele inn musikk og leigde inn klaverspelarar når det var trong for dette. Den første av desse var studiomusikaren Peter-John Vettese som hadde spelt på scenen med bandet på Nelson Mandela Freedom Concert og på ein kort tysk turné. Han vart sidan erstatta i konsertbandet av Mark Taylor.

Real Life endre

I 1991 kom Simple Minds attende med Real Life. Plateomslaget synte ein trio med Kerr, Burchill og Gaynor og alle songane var skrivne av Kerr/Burchill.[6] Albumet nådde andreplassen i Storbritannia, der det òg gav dei fire topp 40-singlar. I USA vart «See the Lights» den siste topp 40-hitten deira. Bandet turnerte etter albumet og spelte som eit enkelt femmannsband (Kerr, Burchill, Gaynor, Foster og Taylor) og kutta ned på dei utvida arrangementa dei hadde gjort på dei siste store turneane. Mel Gaynor slutta i bandet i 1992 for å satse på studioarbeid og andre prosjekt, og for dei neste to åra tok Simple Minds ein pause. I 1992 kom samleplata Glittering Prize.

Seint i 1990-åra: kommersiell nedgang endre

Good News from the Next World endre

Simple Minds starta opp att i 1994. Bandet var no offisielt ein duo med Kerr og Burchill (der sistnemnde tok over på klaverinstrument i studio, i tillegg til gitar). Dei henta inn Keith Forsey (som skreiv «Don't You (Forget About Me)») som produsent, og byrja å setje saman eit album som gjekk attende til den livlege arenarock-stilen frå Once Upon a Time-tida. Med Gaynor ute av biletet vart resten av instrumenta spelte inn med studiomusikarar. Malcolm Foster var blant dei som spelte bass på plata.

Good News from the Next World kom ut i 1995.[6] Albumet nådde andreplassen i Storbritannia og gav dei to topp 20-hittar der, «She's a River» og «Hypnotised». Bandet turnerte og marknadsførte Good News from the Next World, med Malcolm Foster og Mark Taylor som bassist- og klaverspelar, og Mark Schulman (som hadde spelt på albumet) på trommer. Dette var siste gongen Foster arbeidde med bandet, og Schulman fortsette som studiomusikar etter turneen var over.

Etter å ha blitt frigjeven frå kontrakten deira med Virgin Records, nytta Simple Minds seg av den originale rytmeseksjonen sin, Derek Forbes og Brian McGee (som kom attende etter høvesvis 11 og 14 år borte frå bandet). Sjølv om Mcgee ikkje var involvert utover øvingar, vart Forbes formelt med att i Simple Minds i juli 1996. Bandet kom så saman att med Mel Gaynor for ei studioinnspeling tidleg i 1997. Gaynor vart fulltidsmedlem for den europeiske turneen, noko ein gong med Mark Taylor på klaverinstrument.

Etter turnen vart innspelinga avbroten då Kerr og Burchill valde å spele på Proms-turneen (utan Forbes, Taylor eller Gaynor), ein serie orkesterkonsertar som blanda lett klassisk musikk og pop. Duoen spelte versjonar av «Alive And Kicking», «Belfast Child» og «Don't You (Forget About Me)» akkompagnert av fullt orkester og berre lista som Simple Minds.

Néapolis endre

På det nye albumet, Néapolis, spelte Forbes bassgitar på alle spora, og Gaynor på ein song, «War Babies». Andre trommespor vart spelte inn av studiomusikarane Michael Niggs og Jim McDermott, med ekstra perkusjonsprogrammering av Transglobal Underground/Furniture-trommeslagaren Hamilton Lee. Det var det einaste Simple Minds-albumet som kom ut på Chrysalis Records, som nekta å gje ut albumet i USA på grunn av mangel på interesse. Musikkvideoen for «Glitterball», den første singelen frå albumet, var den første av noko slag som vart filma i Guggenheim-museet i Bilbao i Spania. Dei la ut på ein europeisk turné frå mars til juli 1998, som vart plaga av sjukdom og kontraktstrøbbel, der dei trekte seg frå Fleadh-festivalen og måtte erstattast av det britiske rockebandet James).

Kerr og Burchill hadde halde fram å skrive songar og spele inn demoar i lag. For den neste innspelinga delte dei studio med eit band kalla Sly Silver Sly der broren til Jim Kerr, Mark (tidlegare trommeslagar i Gun) og bassisten Eddie Duffy spelte. Dei arbeidde med den amerikanske låtskrivaren Kevin Hunter. Medan dei var i studio smelta dei to prosjekta saman (inkludert songane skrivne av Hunter) for det neste Simple Minds-albumet, Our Secrets Are the Same. Nok ein gong var Forbes og Gaynor ute av bandet. Mark Kerr vart den nye trommeslagaren og Eddie Duffy kom med på bassgitar. Dette nye Simple Minds debuterte med ein kort konsert på Scotland Rocks For Kosovo-festivalen, med Mark Taylor attende på klaverinstrument. Forbes og Gaynor, som visstnok vart fortalt at bandet ikkje kom til å spele på konserten, skipa sitt eige band som spelte på den same konserten.

Our Secrets Are the Same-prosjektet endre

Etter å ha levert Our Secrets Are the Same til Chrysalis, hamna Simple Minds i ei sak der Chrysalis, EMI og andre plateselskap prøvde å slå seg saman med kvarandre. Albumet skulle opphavleg kome ut seint i 1999, men albumet kom ikkje ut etter at bandet rota seg sjølv inn i søksmål med Chrysalis. I 2000 vart situasjonen ytterlegare komplisert då Our Secrets Are the Same vart lekt på Internett. Motlaus etter at plateselskapet deira ikkje klarte å løyse problema, og med både moment og potensielle salsinntekter tapt, tok bandet igjen ein pause. Eddie Duffy, Mark Taylor og Mark Kerr gjekk alle til andre prosjekt. Jim Kerr flytta til Sicilia og starta ein deltidskarriere som hotellmann, sjølv om både han og Burchill fortsette å arbeide i lag innan forskjellige interesser og hadde planar om å halde bandet i live.

2000-åra: gjenoppliving av bandet endre

Cry, Seen The Lights og Silver Box endre

I 2001 byrja Jim Kerr og Charlie Burchill å arbeide med multi-instrumentalisten Gordon Goudie (tidlegare Primevals) på eit nytt Simple Minds-album som skulle heite Cry. Mark Kerr bidrog òg til dette prosjektet (denne gongen på akustisk gitar og med Burchill som medlåtskrivar på fleire songar), medan Kerr henta inn forskjellige italienske musikarar som samarbeidspartnarar, som Planet Funk og Punk Investigation.

Parallelt til Cry, spelte Simple Minds òg inn eit album med coversongar kalla Neon Lights, med Simple Minds sine versjonar av snogar frå andre artistar, som Patti Smith, Roxy Music og Kraftwerk. Neon Lights vart først ferdig og kom ut seinare i 2001. I musikkvideon for Neon Lights-singelen «Dancing Barefoot», bestod bandet av Jim Kerr, Charlie Burchill, Gordon Goudie og Mark Kerr. Ei dobbel CD-samling, The Best of Simple Minds, kom ut kort tid etter.

Cry kom ut i april 2002. Sjølv om albumet ikkje selde mykje i USA, hadde Simple Minds stor nok tru til at dei la ut på ein turné i Nord-Amerika på Floating World Tour (kalla opp etter instrumentalen som avsluttar Cry), den første turneen deira på sju år. Goudie valde å ikkje bli med på turneen og Mark Kerr slutta i bandet igjen, så Simple Minds henta igjen inn Mel Gaynor som trommeslagar. Eddie Duffy kom attende og spelte bassgitar og dei fekk med seg ein ny klaverspelar/programmerar i Andy Gillespie (frå SoundControl).

28. oktober 2003 gav Capitol ut Seen The Lights – A Visual History, den første DVD-utgjevinga til Simple Minds med over fire timar med arkivmateriale. Denne inneheldt dei fleste musikkvideoane deira og den andre plata inneheld Verona, som først kom ut på VHS i 1990.

18. oktober 2004 gav Simple Minds ut ein plateboks på fem plater kalla Silver Box. Denne bestod hovudsakleg av opptak som ikkje var gjevne ut før, som demoar, innspelingar for radio og TV og konsertopptak mellom 1979 og 1995, men òg heile den forseinka plata Our Secrets Are the Same. I juli 2005 la bandet ut på «Intimate Tour», ein serie lågmælte konsertar i Europa og Storbritania på mindre spelestader, som enda i desember 2005. Andy Gillespie kunne ikkje vere med på desse konsertane, så Mark Taylor var attende ved fleire høve. Frå no av kom dei to til å veksle på å spele på konsertane til Simple Minds, avhengig av om Gillespie var ledig eller ikkje.

Black & White 050505 endre

Den 12. september 2005 gav Simple Minds ut Black & White 050505, det fjortande studioalbumet deira. Den første singelen, «Home», vart spelt ein del på alternativ rock-radio i USA. Albumet nådde 37. plassen i Storbritannia, men kom ikkje ut i Nord-Amerika. Bandet turnerte i 2006 gjennom Europa, Asia, Australia og New Zealand med Mark Taylor på klaverinstrument.

Bandet markerte 30-årsjubileet sitt i 2007 med ein kort turné i Australia og New Zealand som gjester for INXS. Bandet gav så ut pakkar med lyd- og videoopptak gjennom den offisielle nettsida si, med konsertopptak og fleire korte dokumentarfilmar spelte inn under turneen i 2006 i Edinburgh og Brussel (mellom anna ein heil konsert frå 16. februar 2006 i Ancienne Belgique i Brussel, som «Live Bundles» No. 1 til No. 5 og seks spor frå ein konsert 28. august 2006 på «T on the Fringe»-festivalen i Edinburgh, som «Live Bundles» No. 6 og No. 7).

27. juni 2008 spelte Simple Minds i høve 90-årsdagen til Nelson Mandela i Hyde Park i London. Bandet hadde så ein kort turné i Storbritannia for å feire 30-årsjubileet sitt. Jim Kerr og Charlie Burchill spelte òg somme konsertar i Europa med Night of the Proms før desse konsertane. På desse symfoniske konsertane framførte bandet heile New Gold Dream (81–82–83–84) og songar frå andre album som ein del av ein todelt konsert.

Dei originale medlemmane i Simple Minds arbeidde i lag for første gongen på 27 år då dei gjekk inn i studio i juni 2008.[16]

Eit nytt plateselskap, W14/Universal, kjøpte Sanctuary-etiketten tidleg i 2009. Tidlegare Sanctuary Records-sjefen John Williams (som hadde fått bandet til Sanctuary) heldt stillinga si i det nye selskapet, og valde å hente over alle dei attverande Simple Minds-albuam som ein del av ein tidlegare avtale.

Graffiti Soul endre

Med ei besetning som bestod av Burchill / Kerr / Gaynor / Duffy, gav Simple Minds den 25. mai 2009 ut studioalbumet Graffiti Soul.

Tidleg i april 2009 vart den første singelen frå Graffiti Soul, «Rockets», tilgjengeleg på Internett. 31. mai 2009 gjekk albumet inn på tiandeplassen på den britiske albumlista og det var første gongen på 14 år at eit Simple Minds-album nådde topp 10 på lista. Albumet nådde òg niandeplassen på den europeiske topp 100-lista for album.

2010-åra: soloprosjekt av Jim Kerr endre

Soloprosjekt av Jim Kerr endre

Innimellom aktiviteten til Simple Minds, spelte Jim Kerr inn og gav ut det første soloalbumet sitt, Lostboy! AKA Jim Kerr den 17. mai 2010 under namnet «Lostboy! AKA». han forklarte prosjektet og namnet, og sa «Eg ønskte ikkje å starte eit nytt band. Eg likar bandet mitt...og eg ville ikkje eit reint Jim Kerr soloalbum heller.»[17]

A Lostboy! AKA spelte ti konertar i Europa i mai 2010. I august 2010 spelte Lostboy! AKA 12 konsertar på «Electroset Radio»-turneen for ymse radiostasjonar i Europa og Storbritannia, men bandet spelte berre fire konsertar i Tyskland og Spania. Ein ny turné på hausten vart avbroten etter ni konsertar då mora til Jim Kerr var blitt kreftsjuk.

Greatest Hits +, X5 og 5X5 Live endre

Bandet spelte ein minikonert 2. oktober 2010 på Cash For Kids Ball organisert av Radio Clyde på Hilton i Glasgow, og ein heil konsert den 10. desember 2010 i Festhalle i Bern.[18]

Tidleg i oktober 2010 gjekk Simple Minds (med Burchill, Kerr, Gaynor, Gillespie og den nye bassisten Ged Grimes) inn i Sphere Recording Studios i London for fire veker og spelte inn fire songar som vart miksa for eit nytt samlealbum kalla Greatest Hits + og for eit nytt studioalbum. Innspelingane vart produserte av Andy Wright med Gavin Goldberg som lydteknikarog miksar. Dei fire songane var ein åtte minuttar lang versjon av «In Every Heaven» (opphavleg spelt inn i 1982 under «New Gold Dream»-innspelinga) og tre nye songar: «Stagefright» og «On The Rooftop», begge av Charlie Burchill og Jim Kerr og «Broken Glass Park», som opphavleg var ein Lostboy! AKA-song skriven av Jim Kerr og Owen Parker.

Frå 10. juni til 3. juli 2011 la Simple Minds ut på «Greatest Hits Forest Tour», i England. Frå 16. juni til 28. august 2011 vitja «Greatest Hits +»-turneen EUropa, hovudsakleg på sommarfestivalar.[19][20] Simple Minds heldt fleire av konsertane gratis, mellom anna føre 110 000 menneske i Beograd i Serbia.

I samband med «5X5 Live»-turneen i 2012, gav EMI Music den 20. februar 2012 ut plateboksenX5 med dei fem første albuma fordelte på seks plater: Life in a Day, Real to Real Cacophony, Empires and Dance, Sons and Fascination/Sister Feelings Call og New Gold Dream (81–82–83–84). Kva plate inneheld bonusmateriale, som B-sider og remiksar.

21. april gav Virgin Records ut den første plata som eksklusivt kom ut for Record Store Day 2012. Det var ein 12"-singel med to remiksar, Theme For Great Cities miksa av Moby på side A og ein miks av I Travel laga av John Leckie (som produserte originalversjonen av songen i 1980) på side B. 12"-plata vart avgrensa til tusen eksemplar verda over. 100 av dei vart selde på Sister Ray Records i London, der Jim Kerr og Charlie Burchill var møtt opp for å signere dei.

EMI gav 19. november 2012 ut det doble konsertalbumet frå turneen kalla 5X5 Live.

Simple Minds spelte seint i 2012 i Australia og New Zealand på ein felles turné med det amerikanske bandet Devo og det australske bandet The Church. «Greatest Hits +»-turneen fortsette i 2013 med konsertar i Storbritannia og Europa. Samstundes kom det ut ei ny samleplate på to eller tre plater kalla Celebrate: The Greatest Hits + den 25. mars 2013 på Virgin Records, inkludert to nye spor, «Blood Diamonds» og «Broken Glass Park». Versjonen med tre plater inkluderte òg «Stagefright», eit spor som tidlegare ikkje var tilgjengeleg på CD, og ikkje-utgjevne miksar av «Jeweller to the Stars» og «Space». Den nordamerikanske versjonen av plata kom berre på ei plate. Konsertane i Storbritannia november 2013 vart spelte med Ultravox som gjesteartistar på fire konsertar.[21]

Big Music og Live – Big Music Tour 2015 endre

3. november 2014 kom Simple Minds ut med eit nytt studioalbum, Big Music og annonserte ein større vinter- og vårturné i Storbritannia og Europa i 2015.[22]

22. oktober 2014 fekk Simple Minds magasinet Q sin Inspiration to Music-pris, presentert av Manic Street Preachers-frontmannen James Dean Bradfield. Det var første gongen det nye medlemmet Catherine AD var ein del av besetninga.

I desember 2014 spelte Simple Minds ei akustisk framføring for Absolute Radio med mellom anna«Honest Town», «Alive & Kicking», «Let The Day Begin», «Don't You (Forget about Me)» og David Bowie-songen «The Man Who Sold the World». Bandet fortsette å turnere i 2015.[23]

14. november 2015 gav bandet sjølv ut eit dobbelt konsertalbum kalla Live – Big Music Tour 2015.

Acoustic endre

 
Simple Minds - Acoustic Live Tour 2017 i Nürnberg i Tyskland.

I 2016 spelte Simple Minds fleire akustiske konsertar i Europa. Besetninga no bestod av Jim Kerr på solovokal, Charlie Burchill på akustisk gitar, Ged Grimes på akustisk gitar, Sarah Brown på solovokal, Gordy Goudie på akustisk gitar og Cherisse Osei på perkusjon.[24]

I mai 2016 fekk Simple Minds Ivor Novello-prisen.[5]

11. november 2016 gav Simple Minds ut Acoustic, som vart spelt inn med den nye besetninga sommaren 2016[24] med akustiske nyinnspelingar av tidlegare songar. Ei dobbel vinylutgåve av albumet kom ut 25. november 2016 med tre ekstra spor: «Stand By Love», «Speed Your Love To Me» og «Light Travels».[25]

2018 og 2019 endre

Simple Minds hadde arbeidd på nye songar sidan september 2014, inkludert songane «Fireball» og «A Silent Kiss». Albumet kom ut 2. februar 2018 på BMG og heitte Walk Between Worlds. Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista, den høgaste plasseringa deira på over 23 år. Det nådde òg andreplassen på den skotske albumlista, den høgaste plasseringa deira der.

Ei nytt konsertalbum, Live in the City of Angels, kom ut 4. oktober 2019 med opptak frå den amerikanske turneen deira i 2018. Standardutgåva inneheld 25 songar, medan luksusutgåva og digitale format inneheldt heile 40 songar.[26][27]

1. november 2019 kom ei ny samleplate, kalla 40: The Best Of 1979-2019, som dekte heile den 40 år lange karrieren deira.[28]

2020-åra endre

17. januar 2020 annonserte Simple Minds at Berenice Scott var komen med i bandet på klaverinstrument og vokal for den komande turneen som skulle vare eitt år.[29] Den europeiske delen av turneen vart sparka i gang 28. februar 2020 med ein konsert i Stavanger i Noreg, men den neste konserten som skulle finne stad 11. mars 2020 i Herning i Danmark vart avlyst, tett følgd av resten av turneen på grunn av covid-19-viruset. Dei fleste av konertane vart flytta til 2021.

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Simple Minds.

Medlemmar endre

Noverande medlemmar endre

  • Jim Kerr – solovokal (sidan 1977)
  • Charlie Burchill – elektrisk & akustisk gitar, stundom klaverinstrument (sidan 1977)
  • Ged Grimes – bassgitar (sidan 2010)
  • Sarah Brown - korvokal (live sidan 2009, sidan 2017)
  • Gordy Goudie - ekstra klaverinstrument & gitar (studioarbeid sidan 2001, sidan 2017)
  • Cherisse Osei - trommer (sidan 2017)
  • Berenice Scott - klaverinstrument (live sidan 2020)

Tidlegare medlemmar endre

  • Brian McGee – trommer (1977–1981, 1996)
  • Tony Donald – bass (1977–1978)
  • John Milarky - sologitar (1977)
  • Allan McNeill - rytmegitar (1977)
  • Duncan Barnwell – rytmegitar (1978)
  • Mick MacNeil – komponist, klaverinstrument (piano & synthesizer, trekkspel) (1978–1990)
  • Derek Forbes – bassgitar (1978–1985; 1996–1998)
  • Kenny Hyslop – trommer (1981–1982)
  • Mike Ogletree – trommer (1982)
  • Mel Gaynor – trommer, perkusjon, korvokal (1982–1991; 1997–1998; 2002–2016)
  • John Giblin – bassgitar (1985–1989)
  • Eddie Duffy – bassgitar (1999–2010)
  • Andy Gillespie – klaverinstrument (2002–2005; 2007–2016)
  • Catherine AD - klaverinstrument (2014-2018)

Konsert- og studiomusikarar endre

  • Paul Wishart – saksofon – Empires og Dance-turneen (1980)
  • Robin Clark – vokal – Once Upon a Time-turneen (1985–1986)
  • Sue Hadjopoulos – perkusjon – Once Upon a Time-turneen (1985–1986)
  • Lisa Germano – fiolin – Street Fighting Years-turneen (1989)
  • Annie McCraig – vokal – Street Fighting Years-turneen (1989)
  • Andy Duncan – perkusjon – Street Fighting Years-turneen (1989)
  • Malcolm Foster – bassgitar (1989–1995)
  • Peter-John Vettese – klaverinstrument (1990)
  • Mark Taylor – Keyboards (1991–1999; 2005–07)
  • Timothy Scott Bennett – trommer (1993)[30]
  • Mark Schulman – trommer – Good News from the Next World-turneen (1994–1995)
  • Mark Kerr – trommer (1999), gitar (2002)
  • Sarah Brown – vokal (sidan 2009)

Tidslinje endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Huey, Steve. «Artist Biography by Steve Huey». AllMusic. Henta 6. desember 2015. 
  2. «Simple Minds – Good News from the Next World». Billboard 107 (7): 66. 18. februar 1995. ISSN 0006-2510. 
  3. ««When I say that there are a few songs about faith, I don't mean it in a religious sense...» hmv.com talks to Simple Minds frontman Jim Kerr». HMV. 1. februar 2018. Henta 5. september 2020. 
  4. David Roberts, red. (2006). British Hit Singles and Albums. Guinness World Records Limited. s. 500. ISBN 978-1904994107. 
  5. 5,0 5,1 «Simple Minds pick up gong at Ivor Novello Awards 2016». Scotsman.com. 19. mai 2016. Henta 5. september 2020. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 6,16 6,17 6,18 6,19 6,20 6,21 6,22 6,23 6,24 6,25 6,26 6,27 6,28 6,29 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (konsis utg.). Virgin Books. s. 1088/9. ISBN 1-85227-745-9. 
  7. «History Of Simple Minds - SIMPLEMINDS.COM». SIMPLEMINDS.COM (på engelsk). Henta 5. september 2020. 
  8. New Musical Express 1980 Dream Giver Redux
  9. Empires and Danc Tour 1980 Dream Giver Redux]
  10. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. september 2020. 
  11. Interview with Jim Kerr in Scottish Sunday Times, 23. september 2001
  12. «Belfast Child» No. 1 in UK Singles Chart Arkivert 29. juli 2007 ved Wayback Machine.. Henta 6. september 2020.
  13. Street Fighting Years No. 1 in UK Arkivert 29. juli 2007 ved Wayback Machine.. Henta 6. september 2020.
  14. «Wembley Stadium Concerts history». WembleyStadium.com. Arkivert frå originalen 9. januar 2011. Henta 26. september 2011. 
  15. 15,0 15,1 «The Spirit of MacNeil» (Jim Kerr online diary entry on Simple Minds website, dated 1. desember 2009)
  16. «Original line-up Simple Minds to record once again». Side-line.com. 9. juni 2011. Henta 5. september 2020. 
  17. «Lostboy! AKA - Interview». Pennyblackmusic.co.uk. Arkivert frå originalen 18. juli 2020. Henta 6. september 2020. 
  18. «Simple Minds Official Web Site / Live Concerts». Downloadhome.co.uk. Henta 5. september 2020. 
  19. «Simple Minds Official Web Site / Live Concerts». Simpleminds.com. Henta 5. september 2020. 
  20. «Simple Minds Official Web Site / Shows in Munich and Tuttlingen, Tyskland!». Simpleminds.com. Arkivert frå originalen 15. desember 2010. Henta 5. september 2020. 
  21. «Special Arena Dates in November Announced». Simpleminds.com. 19. mars 2013. Henta 6. september 2020. 
  22. «Simple Minds / News / Article «New Album & European Tour Announced»». Simpleminds.com. Henta 6. september 2020. 
  23. Simpson, Dave (3. april 2015). «Simple Minds review – still the edgy futurists, beneath the stadium style». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 6. september 2020. 
  24. 24,0 24,1 «Dream Giver Redux > simple minds #50». Simpleminds.org. February 2017. Henta 6. september 2020. 
  25. «Acoustic – 2016». Simpleminds.com. 28. september 2016. Henta 6. september 2020. [daud lenkje]
  26. «LIVE IN THE CITY OF ANGELS, out 4th October, is the new album from Simple Minds capturing the band on their biggest ever North American tour.». Facebook. 6. september 2020. Henta 6. september 2020. 
  27. «20 Aug, 2019 Simple Minds Release: Live In The City Of Angels». Simpleminds.com. 6. september 2020. Henta 6. september 2020. 
  28. frå 2019-announced/ «30 SEP, 2019 40: THE BEST OF 1979 – 2019 – ALBUM ANNOUNCED» Check |url= value (hjelp). Simpleminds.com. 30. september 2019. Henta 6. september 2020. [daud lenkje]
  29. Simple Minds Official (17. januar 2020). «New Year. New Decade. New Tour…Starting Soon!». Henta 17. januar 2020. 
  30. «Don't Forget» – article by Peter Walsh in 'Q' Magazine, April 1997

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Simple Minds