Mel Taylor (24. september 193311. august 1996) var ein USA-amerikanske trommeslagar, og spelte trommer for The Ventures frå 1962 til 1996. Han var den eldre broren til Canned Heat-bassisten Larry Taylor.

Mel Taylor
Fødd24. september 1933
FødestadBrooklyn
Død11. august 1996 (62 år)
OpphavUSA
Instrumenttrommesett
Verka sommusikar

Musikalsk karriere endre

Etter å ha spelt trommer for Boris Pickett og Herb Alpert, vart Taylor med The Ventures i 1962, då han erstatta Howie Johnson, som hadde skadd seg i ei bilulukke. Johnson spelte ein periode med nakkekrage, men ville ikkje vere lenge borte frå familien om gangen, og valde å slutte. Taylor hadde ein markant, hard rockestil som imponerte medlemmane i bandet og dei spurte om han ville bli fast medlem.

Taylor gav ut eit soloalbum i 1965 («Mel Taylor & The Magics In Action»). I 1972 valde han å forlate The Ventures for å satse på ein solokarriere, og skipa bandet Mel Taylor & The Dynamics. I denne tida gav dei ut fire album: 007 James Bond, Sand, Sea and Love, Mel Taylor in Japan og Roll over Beethoven. Taylor kom med i The Ventures att i 1979 og vart verande trommisen deira fram til han døydde i 1996. Då han dødyde overtok sonen hans, Leon Taylor, rolla som trommeslagar i bandet.

Diskografi endre

  • In Action! - Mel Taylor & The Magics(1966)
  • Drums A-Go-Go
  • Live in Japan (1973)
  • Roll Over Beethoven (1973)
  • The Very Best Of Mel Taylor (2002)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre