Opna hovudmenyen

Canned Heat er eit USA-amerikansk rockeband skipa i Los Angeles i 1965. Gruppa er kjend for tolkingane sine av bluessongar og for å fremje intressa for denne musikktypen og artistane som originalt spelte songane. Bandet vart skipa av to bluesentusiastar, Alan Wilson og Bob Hite, som tok namnet sitt frå Tommy Johnson-songen «Canned Heat Blues» frå 1928, ein song om ein alkoholikar som i desperasjonen drikk Sterno, som vart kalla «canned heat» (tørrsprit) på engelsk (frå det originale produktet frå 1914 kalla Sterno Canned Heat). Etter konsertar på Monterey og Woodstockfestivalen mot slutten av 1960-åra, vart bandet verdskjend med ei besetning som bestod av Hite (vokal), Wilson (gitar, munnspel og vokal), Henry Vestine og seinare Harvey Mandel (sologitar), Larry Taylor (bass og Adolfo de la Parra (trommer).

Canned Heat
Canned Heat at Woodstock Reunion 1979.jpg
På scenen 7. september 1979 under Woodstock Reunion 1979 i Parr Meadows i Ridge i New York
OpphavLos Angeles i California i USA
AktivSidan 1965
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap

Musikken og haldninga til Canned Heat gav dei mange fans og dei vart etablert som ein av dei mest populære artistane i hippietida. Canned Heat spelte på dei fleste store musikkhendingane i slutten av 1960-åra, og spelte bluesstandardar og sine eigne songar, som stundom drog ut i lange «psykedeliske» soloar. To av songane deira, «Going Up the Country» og «On the Road Again», vart internasjonale hittar. «Going Up the Country» var ei nyinnspeling av Henry Thomas-songen «Bull Doze Blues», som vart spelt inn i Louisville i Kentucky, i 1927. «On the Road Again» var ein coverlåt av Floyd Jones-songen frå 1953 med same namn, som visstnok igjen var basert på Tommy Johnson-songen «Big Road Blues», spelt inn i 1928.

Sidan tidleg i 1970-åra gjekk bandet gjennom mange besetningsendringar, men den noverande besetninga har framleis med tre av medlemmane frå den klassiske besetninga: de la Parra (som har vore med sidan 1967), Mandel og Taylor. Gjennom det meste av 1990- og 2000-åra var de la Parra det einaste medlemmet frå 60-talsbesetninga til bandet. Han skreiv ei bok om karrieren til bandet kalla Living the Blues.[1] Larry Taylor, som har vore av og på i bandet, er det andre medlemmet som har vore i bandet sidan dei tidlegaste besetningane. Mandel, Walter Trout og Junior Watson er blant gitaristane som har spelt i seinare utgåver av bandet.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Opphav og tidlege besetningarEndra

Canned Heat vart starta av ein gjeng blues-samlarar. Bob Hite hadde samla og selt på bluesplater sidan tidleg i tenåra og heimen hans i Topanga Canyon var ein møtestad for folk som var interesserte i musikk. I 1965 valte somme av desse å skipe eit jugband og byrja å øve. Den første besetninga bestod av Bob Hite på vokal, Alan Wilson på slidegitar, Mike Perlowin på sologitar, Stu Brotman på bass og Keith Sawyer på trommer. Perlowin og Sawyer slutta etter nokre dagar, så gitaristen Kenny Edwards (ein ven av Wilson) erstatta Perlowin, og Ron Holmes gjekk med på å spele trommer fram til dei kunne finne ein fast trommis.

Ein annan ven av Hite, Vestine (som hadde blitt kasta ut av Frank Zappa sitt Mothers of Invention for dopmisbruk[2]), spurte om han kunne kome med i bandet. Edwards slutta etter kort tid (og skipa sidan Stone Poneys med Linda Ronstadt) og på same tid kom Frank Cook inn som permanent trommeslagar. Cook hadde alt ein del erfaring som musikar, og hadde spelt med jazzartistar som bassisten Charlie Haden, trompetisten Chet Baker og pianisten Elmo Hope og hadde òg samarbeidd me svarte soul- og popartistar som Shirley Ellis og Dobie Gray.

Produsenten Johnny Otis spelte inn det første (ikkje-utgjevne) albumet i 1966 med eit ensemble som bestod av Hite, Wilson, Cook, Vestine og Brotman; men innspelinga vart ikkje gjeven ut før i 1970 då det kom ut som Vintage HeatJanus Records. Otis fekk spelt in kring eit dusin spor, mellom anna to versjonar av «Rollin' and Tumblin'» (med og utan munnspel), «Spoonful» av Willie Dixon og «Louise» av John Lee Hooker, frå studioet sitt i Vine Street i Los Angeles. Etter ein sommarpause i 1966 slutt Stuart Brotman etter at Canned Heat hadde fått ein lengre spelejobb i Fresno med eit armensk magedansekompani. Canned Head hadde kontakta Brotman om ein platekontrakt som måtte signerast dagen etter, men Brotman kunne ikkje kome dit i tide. Brotman vart sidan med i bandet Kaleidoscope med David Lindley. Som erstatta for Brotman henta Canned Heat inn Mark Andes, som var med nokre månader før han drog attende til det tidlegare bandet sitt, The Red Roosters, som så skifta namn til Spirits Rebellious, og sidan berre Spirit.

Etter å ha fått Skip Taylor og John Hartmann som managerar, klarte Canned Heat omsider å få ein permanent bassist i Larry Taylor, som kom med i mars 1967. Han hadde tidlegare spelt i The Moondogs og var bror til trommeslagaren i The Ventures, Mel Taylor, og hadde alt spelt på konsertar med Jerry Lee Lewis og Chuck Berry, og vore i studio for The Monkees.[3]

Denne besetninga (Hite, Wilson, Vestine, Taylor, Cook) gjekk i studio i april 1967 for Liberty Records med Calvin Carter, som hadde vore sjef for talentspeidinga til Vee Jay Records og hadde spelt inn musikk med bluesartistar som Jimmy Reed, John Lee Hooker.[4] Dei spelte inn «Rollin' and Tumblin'» og gav denne ut som den første singelen sin med «Bullfrog Blues» som B-side. Det første offisielle albumet deira, Canned Heat, kom ut tre månader seinare i juli 1967. Alle songane var nyinnspelingar av eldre bluessongar. Canned Heat selde ganske godt og nådde 76. plassen på Billboard-lista i USA.

GjennombrotetEndra

Den første store konserten til Canned Heat var på Monterey Pop Festival den 17. juni 1967. Eit bilete av bandet teken under konserten vart nytta på framsida av magasinet Down Beat der ein artikkel skrytte av spelinga deira: «Teknisk er Vestine og Wilson kanskje den beste gitarduoen i verda og Wilson har sanneleg blitt vår beste, kvite bluesmunnspelspelar. I lag med den kraftfulle vokalisten Bob Hite spelar dei country og Chicago blues frå 1950-åra så godt og naturleg at spørsmålet om kva rase musikken høyrer til vert heilt uvesentleg.»[5] D.A. Pennebaker-dokumentaren Monterey Pop fanga utgåva deira av «Rollin and Tumblin» og to andre songar frå settet deira, «Bullfrog Blues» og «Dust My Broom», kom seinare ut på plateboksen i 1992. Canned Heat er òg på eit album kalla Early LA.

Canned Heat fekk òg ryktet på seg for å vere «dei slemme gutane i rocken» etter dei vart fengsla i Denver. Ein politiinformant skaffa nok bevis til at dei vart arresterte for narkotika (ei hending dei song om i songen «My Crime»). Bandmanageren Skip Taylor vart tvungen til å skaffe 10 000 dollar i kausjon ved å selje bandet sine forlagsrettar til direktøren i Liberty Records, Al Bennett.[6]

 
Bilete frå 1970 av den klassiske besetninga av Canned Heat.

Etter hendinga i Denver vart Frank Cook erstatta av de la Parra, som hadde spelt trommer i Bluesberry Jam (bandet utvikla seg sidan til Pacific Gas & Electric). Som offisielt medlem av Canned Heat spelte de la Parra den første konserten sin den 1. desember 1967, då dei spelte i lag med The Doors i Long Beach Auditorium.[7] Dette var starten på den kanskje mest kjende og klassiske besetninga av Canned Heat, som spelte inn nokre av dei mest kjende songane deira. I denne «klassiske» perioden byrja Skip Taylor og John Hartmann å gje bandmedlemmane kallenamn:

  • Bob «The Bear» Hite
  • Alan «Blind Owl» Wilson
  • Henry «Sunflower» Vestine (og seinare Harvey «The Snake» Mandel)
  • Larry «The Mole» Taylor
  • Adolfo «Fito» de la Parra

Det andre albumet deira, Boogie with Canned Heat, inneheldt «On the Road Again», ein oppdatert versjon av 50-talssongen til Floyd Jones. «On the Road Again» vart gjennombrotet til bandet og skaffa dei suksess verda over, og han gjekk til topps i mange land.[8] Albumet inneheld òg ein tolv minuttar lang versjon av «Fried Hockey Boogie», (tilskriven Larry Taylor, men rappa frå John Lee Hooker sin «Boogie Chillen») der kvart medlem fekk lange soloar.. Hite sin «Amphetamine Annie» vart ein av dei mest kjende songane deira og ein av dei første «anti-dop»-songane det tiåret.

Med denne suksessen leigde Taylor, Hartmann og kompanjongen Gary Essert ein klubb i Hollywood dei kalla Kaleidoscope på Sunset Boulevard, der Canned Heat vart husband. Andre artistar som spelte her var Jefferson Airplane, Grateful Dead, Buffalo Springfield og Sly and the Family Stone.[9] I 1968 spelte dei òg føre 80 000 menneske under den første årlege Newport Pop Festival i september, før dei drog på den første turneen sin i Europa. Her spelte dei mellom anna på det britiske TV-showet Top of the Pops og det tyske programmet Beat Club.[10]

«Going Up the Country» og WoodstockEndra

I oktober gav bandet ut det tredje albumet sitt Living the Blues, med den mest kjende songen deira, «Going Up the Country». Wilson sin versjon av Henry Thomas sin «Bull-Doze Blues» var nesten ein kopi av den originale songen, inkludert panfløytesoloen til Thomas som Jim Horn spelte på fløyte. Wilson skreiv om teksten med ei enkel melding som fanga «attende-til-naturen»-haldninga på slutten av 60-talet. Songen nådde toppen av salslistene i 25 land verda over, og 11. plassen på den amerikanske singellista. Songen vat den uoffisielle kjenningsmelodien til Woodstockfestivalen då han var med i Michael Wadleigh-dokumentaren frå 1970. Albumet inneheld òg den 19 minuttar lange, eksperimentelle «Parthenogenesis», som var ein ni delar lang lydcollage av blues, raga, munnspellydar, gitarforvrenging og andre elektroniske effektar. Alt var sett i hop av manageren og produsenten Skip Taylor. Ein enno lengre song var «Refried Boogie», som med ei lengd på over 40 minuttar vart spelt in på ein konsert på Kaleidoscope.

Andre konsertopptak frå Kaleidoscope på denne tida kom seinare ut i 1971 under den noko villeiande tittelen Live at Topanga Corral (seinare kalla Live at the Kaleidoscope) på Wand Records då Liberty Records ikkje ønskte å gje ut eit konsertalbum på den tida og manageren Skip Taylor ikkje ønskte eit søksmål.[11] Bandet avslutta 1968 med ein konsert på nyårsaftan i Shrine Auditorium i Los Angeles, der Bob Hite reid på ein rosa elefant på scenen.[12]

I juni 1969, like før Woodstock, kom det fjerde albumet deira, Hallelujah, ut. Albumet bestod hovudsakleg av originale songar som Wilson sin «Time Was» og nnokre få omarbeidde coverlråtar som «Sic 'em Pigs» (Bukka White sin «Sic 'em Dogs») og den originale «Canned Heat» av Tommy Johnson.

Få dagar etter albumet kom ut, slutta Vestine etter ein krangel på scenen på Fillmore West mellom han sjølv og Larry Taylor. Kvelden etter jamma Mike Bloomfield og Mandel med Canned Heat, og begge fekk tilbodet om å bli med i bandet. Mandel tok i mot tilbodet.[13] Den nye besetninga spelte to konsertar på Fillmore før dei spelte på Woodstock i midten av august.

Canned Heat vart flydd inn til Woodstock i helikopter og spelte det mest kjende settet sitt den andre dagen av festivalen ved solnedgang. Settet omfatta «Going Up the Country», som vrt kjenningsmelodien til dokumentarfilmen, sjølv om ein ikkje får sjå bandet framføre songen i filmen. Songen vart inkludert på det første (tredoble) Woodstock-albumet; medan det andre albumet, Woodstock 2, inneheldt «Woodstock Boogie». Den utvida 25th Anniversary Collection la til «Leaving This Town» og «A Change Is Gonna Come» vart inkludert i «director's cut»-versjonen av filmen, og berre «Let's Work Together» er derfor ikkje gjeve ut.

Før Europaturneen deira tidleg i 1970 spelte bandet inn Future Blues, eit album med fem originale songar og tre coverlåtar. Ein Wilbert Harrison-song, «Let's Work Together», vart valt ut til singel for Europa, samstundes med at turneen starta. Bandet insisterte på at dei skulle vente med den amerikanske utgåva av singelen, slik at låtskrivaren sjølv skulle få ein sjanse på marknaden først.[14] Canned Heat hadde ein stor hit med «Let's Work Together» og var den einaste topp 10-hitten til bandet med vokal av Bob «The Bear» Hite. Dr. John spelte piano på albumet. Det vart nokre kontroversar då plateomslageet synte ei blanding av månelandinga og Iwo Jima med det amerikanske flagget opp-ned. Flagget var Wilson sin ide og var eit svar til uroa hans over at menneske kom til å forureine månen på same måten som jorda (noko som vert omtalt i songen «Poor Moon»).[15]

Opptak frå den europeiske turneen i 1970 kom ut på Canned Heat '70 Concert Live in Europe, seinare kalla Live In Europe. Albumet selde godt i Storbritannia, der det nådde 15. plassen på albumlista, men hadde berre avgrensa suksess i USA. Då bandet kom attende frå Europa i mai 1970, slutta ein utsliten Larry Taylor i bandet og byrja å spele med John Mayall (som hadde flytta til Laurel Canyon) og vart så etterfølgd av Mandel.

Hooker 'n Heat og dødsfallet til WilsonEndra

Utan Taylor og Mandel i gruppa kom Vesstine inn att på gitar i lag med bassisten Antonio de la Barreda, som hadde spelt med de la Parra i fem år i Mexico City og som tidlegare var medlem av gruppene Jerome and Sam og The Goodtimers.

Denne besetninga gjekk i studio og spelte inn ei plate med John Lee Hooker, det doble Hooker 'n Heat. Bandet hadde opphavleg møtt Hooker på flyplassen i Portland i Oregon og oppdaga at dei var fans av kvarandre. Hooker og Canned Heat vart gode vener og Hooker sa at Wilson var «den beste munnspelspelaren han hadde høyrt».[16] Hooker spelte eit par songar sjølv, etterfølgd av nokre duettar med Wilson på piano eller gitar. Resten av albumet bestod av Hooker som vart akkompagnert av gruppa (utanom Bob Hite, som var produsent i lag med Skip Taylor). Albumet vart fullført etter at Wilson omkom og vart det første albumet i karrieren til Hooker som gjekk inn på salslista med ein 73. plass i februar 1971. Hooker og Canned Heat spelte att i lag i 1978 då dei spelte inn eit konsertalbum i Fox Venice Theatre i Los Angeles. Det kom ut i 1981 som Hooker 'n Heat, Live at the Fox Venice TheatreRhino Records. I 1989 var Canned Heat (og fleire andre) gjesteartistar på John Lee Hooker-albumet The Healer.

Kort tid etter innspelinga for Hooker 'n Heat hadde Wilson, som leid av depresjon, prøvd å ta livet sitt ved å køyre utfor vegen nær heimen til Hite i Topanga Canyon. I motsetnad til andre medlemmar i bandet, hadde ikkje Wilson suksess med kvinner og sleit på grunn av dette.[17] 3. september 1970, like før bandet skulle spele på ein festival i Berlin, fekk dei vite at Wilson hadde teke ein overdose sovemedisin. Liket hans vart funnen i ei åsside nær heimen til Hite. De la Parra og dei andre i bandet trudde dødsfallet hans var eit sjølvmord. Wilson døydde 27 år gammal, berre veker før Janis Joplin og Jimi Hendrix.[18]

Historical Figures, New Age og Human ConditionEndra

Joel Scott Hill, som hadde spelt med The Strangers og seinare Moby Grape, erstatta Wilson. Bandet hadde framleis ein turnékontrakt for september å fullføre, i tillegg til studiotid seinare på hausten. Denne hausten turnerte dei i Australia og Europa, inkludert konsertar i Baarn i Nederland for fjernsynsprogrammet Piknik, og sommaren etter spelte dei på Turku-festivalen i Finland. Desse konsertane vart tekne opp, men innspelingane kom ikkje ut før mykje seinare. Live at Turku Rock Festival kom ut i 1995 og Under the Dutch Skies 1970–74 kom i 2007. Mot slutten av 1971 kom albumet Historical Figures and Ancient Heads. The album inkluderte ein duett mellom Hite og Little Richard på «Rockin' with the King», skriven av Skip Taylor med gitar av både Vestine og Joel Scott Hill.

Denne besetninga med Hite, Vestine, Scott-Hill, de la Barreda og de la Parra vart ikkje lenge. Scott-Hill og de la Barreda gjekk ikkje så godt i hop med resten av bandet, og trommeslagaren de la Parra ønskte å slutte. Han vart snakka bort frå det av Hite, og i staden slutta Scott-Hill og de la Barreda.[19]

Jamess Shane kom inn på rytmegitar og vokal, Ed Beyer på klaverinstrument, og Richard Hite (bror til Bob Hite) på bass. Denne besetninga spelte inn det som vart det siste albumet deira for Liberty/United Artists Records, The New Age, i 1973. Dette albumet inneheld ein populær biker-ssong kalla «The Harley-Davidson Blues», skriven av James Shane. Bandet la ut på ein ny turné i Europa, der dei gjekk is tudio med Memphis Slim i Paris for albumet Memphis Heat. Dei spelte òg inn musikk med Clarence «Gatemouth» Brown, framleis i Paris, for albumet Gates on the Heat (begge kom ut på Blue Star Records).[20] Bilete frå denne tida er å sjå på DVD-filmen Canned Heat Live at Montreux, som kom i 2004.

Populariteten bandet hadde hatt på slutten av 60-talet var dalande og då bandet hamna i pengetrøbbel byrja dei å importere dop frå Mexicco for å få endane til å møtast mellom konsertane.[21] Dei hadde ei gjeld på over 30 000 dollar og manageren Skip Taylor rådde bandet til å fråskrive seg framtidige honorar for dei tidlegare innspelingane sine for Liberty/United Artists og gå til Atlantic Records. Etter ein dårleg introduksjon hos Atlantic Records, der mellom anna Hite og Vestine slost om ein myntautomat, gav bandet ut albumet One More River to Cross i 1973. Albuemt var produsert av Roger Hawkins og Barry Beckett og hadde ein annan stil enn dei førre albuma med mellom andre Muscle Shoal Horns.[22]

På den påfølgjande turneen i Europa spelte Clifford Solomon og Jock Ellis blåsarar. Den langvarige manageren deira, Skip Taylor, slutta etter at bandet gjekk til Atlantic.[23] Atlantic-produsenten Tom Dowd prøvde å få eit album til ut av Canned Heat, trass i stort dop- og alkoholmisbruk. Dei spelte til slutt inn nok songar for eit album i Criteria Studios i Miami i 1974 (med somme samarbeidspartnarar, som Mandel), men Atlantic enda avtalen med Canned Heat før albumet kom ut. Lydbanda frå innspelinga vart øydelagde i ein brann i huset til Skip Taylor. Nokre av materialet vart likevel redda av de la Parra og til slutt gjeven ut i 1997 som The Ties That Bind.[24][25]

Kort tid etter sette den nye manageren Howard Wolf opp ein konsert ved Mammoth Ski Resort i California. Bob Hite vart rasande under konserten og gjekk laus publikum, noko som fekk Vestine, James Shane og Ed Beyer til å slutte i bandet.[26]

Desse vart erstatta av pianisten Gene Taylor og gitaristen Chris Morgan, som begge kom inn i bandet seint i 1974. Taylor slutta i 1976 etter ein krangel under ein turné i Tyskland, og etter ein kort periode med Stan Webb (frå Chicken Shack), vart Mark Skyer den nye gitaristen i bandet. I mellomt ida hadde bandet fått i stand ein plateavtale med Takoma Records, og denne «Human Condition/Takoma»-besetninga spelte i 1977 inn albumet Human Condition. Albumet selde dårleg, hovudsakleg fordi discoen no vart stadig meir populær.[24] Fleire kranglar følgde og Mark Skyer, Chris Morgan og Richard Hite slutta alle i bandet i 1977. Bob Hite fekk henta inn ein ny bassist, Richard Exley, etter å ha blitt vener med han på ein turné og sett han spele i bandet Montana. Exley turnerte med bandet resten av året og samarbeidde med Hite på mange av arrangementa under Texas Bicentennial Comeback Tour i 1976. Exley slutta så .etter ein krangel om drikkinga til Hite og dopmisbruket på scenen. Exley vart med bandet Texas Heartbreakers mot slutten av året, men spelte i periodar med Canned Heat, medan Hite prøvde å finne nye, permanente medlemmar. I røynda bestod bandet no berre av Hite og de la Parra.[27]

Burger Brothers og dødsfallet til Bob HiteEndra

Bluessjangeren vart populær att seint i 1970- og tidleg i 1980-åra takka vere filmen The Blues Brothers (1980) med Dan Aykroyd og John Belushi. På denne tida hadde de la Parra kjøpt seg inn i eit studio i East Hollywood og byrja å arbeide med den tidlegare bandkollegaen Larry «The Mole» Taylor. Taylor hadde spelt med gitaristen Mike «Hollywood Fats» Mann og pianisten Ronnie Barron og etter ei stund var Taylor, Barron og Hollywood Fats med i bandet. Denne versjonen av bandet vrat av Hite og Mann kalla «Burger Brothers»-besetninga, og dei fekk etter kort tid med seg den blinde pianisten Jay Spell, då Ronnie Barron slutta etter ein krangel mellom han sjølv og Taylor.[28]

The Burger Brothers spelte på 10-årsjubileet til Woodstock i Parr Meadows i 1979. Ei innspeling av konserten kom eter kvart ut på King Biscuit Flower Hoursom Canned Heat In Concert i 1995 (de la Parra reknar dette som et beste konsertalbumet til Canned Heat).[29] Ei anna innspeling vart gjort på denne tida for Cream Records, som ønskte ein meir R&B-stil enn det. Dette opprørde Hollywood Fats og Mike Halby vart henta inn for å fullføre prosjektet. Det kom ikkje ut før i 1981 då det tidlegare bandmedlemmet Tony de la Barreda gav det ut på RCA som eit hyllestalbum kalla In Memory Of Bob «The Bear» Hite 1943-1981—«Don't Forget To Boogie». Etter ein krangel mellom de la Parra og Hite, vart Taylor og Mann stadig meir misnøgd med den musikalske retninga bandet tok og slutta etter kvart for å starte sitt eige Hollywood Fats Band. Jay Spell vart verande att og dei henta inn bassisten Jon Lamb. Mike Halby var no fulltidsmedlem og den langvarige gitaristen Vestine kom attende til bandet.[30]

Howard Wolf var ikkje lenger manager og Eddie Haddad fekk sett i stand ein turné på militærbasar i USA, Europa og Japan. Turneen gav dei ikkje mange inntekter og Jay Spell slutta i bandet. Jon Lamb vart verande med på ein turné til i sør og like før jul 1980 slutta han òg. Hite prøvde å få ein biker kalla «The Push» til å bli manageren deira, og håpa at populariteten deira i bikermiljøet skulle gje dei fornya energi.[31] Med ein ny bassist, Ernie Rodriguez, spelte Canned Heat inn eit album i 1981, Kings of the Boogie, det siste med Hite på eit par av songane.

5. april 1981 kollapsa Hite av ein heroinoverdose under ein konsert på Palomino i Los Angeles, og vart seinare funnen død heime hos de la Parra i Mar Vista, 38 år gammal.[32]

Seinare historie og dødsfallet til VestineEndra

Dødsfallet til Bob «The Bear» Hite var eit hardt slag som kunne ha enda karrieren til Canned Heat, men de la Parra heldt bandet i live og gjorde det etter kvart til eit populært band att. Før Hite døydde var det planlagt ein turné i Australia og munnspelspelaren Rick Kellog hadde kome inn for å gjere ferdig Kings of the Boogie. Denne inkarnasjonen av Canned Heat, utan Bob Hite, fekk kallenamnet «Mouth Band» av Vestine og vart ein stor hit i Australia, særleg blant bikerar..[33] Med «The Push» som manager, turnerte bandet Statane på biker-barar og byrja å arbeide på ein video kalla «The Boogie Assault» med Canned Heat og forskjellige medlemmar av San Francisco-avdelinga til Hells Angels.

Produksjonen av videoen til The Push tok si tid og ein full Vestine kom i ein slosskamp med Ernie Rodriguez og var nok ein gong ute av bandet. Denne gongen vart han erstatta av gitaristen Trout.[34] Etter ein turné med John Mayall, og produksjonen av «The Boogie Assault» fortsette, vart de la Parra tvungen til å sparke «The Push» som manager for bandet, men fekk til slutt gjort videoen ferdig og eit konsertalbum med same namn frå Australia i 1982 (òg gjeve ut som Live In Australia og Live In Oz). Denne versjonen av Canned Heat vart òg snart oppløyst etter ein krange mellom Mike Halby og de la Parra etter innspelinga av EP-en Heat Brothers '84.

I 1980-åra auka interessa for blues trass i tragediane og den ustabile situasjonen til bandet, verka bandet revitalisert. I 1985 slutta Trout for å bli med i John Mayall's Bluesbreakers, så Vestine vart nok ein gong med i bandet og tok med seg James Thornbury (slidegitar og solovokal) og Skip Jones (bass). Dei vart kalla «Nuts and Berries» av de la Parra, fordi dei var opptekne av organisk mat. Ikkje lenge etter var dei tidlegare medlemmane Larry Taylor (erstatta Jones) og Ronnie Barron attende. Versjona av denne besetninga spelte inn konsertalbumet Boogie Up The Country i Kassel i Tyskland, i 1987 og var òg med på samleplata Blues Festival Live in Bonn '87 Vol 2. Barron varte ikkje lenge i denne besetninga. Det gjorde heller ikkje Vestine, som nok ein gong vart kasta ut av bandet etter press frå Larry Taylor. Som erstattar for Vestine på sologitar vart Junior Watson henta inn. Han etterlikna stilen til Hollywood Fats (som døydde seint i 1986) og passa perfekt for bandet, som gav ut albumet Reheated til god kritikk. Uheldigvis vart albumet berre gjeve ut i Tyskland i 1988 på grunn av ei usemje med Chameleon Music Group Record.[35] I 1990 spelte «Would-Be»-besetninga med James T, Taylor, Watson og de la Parra inn eit konsertalbum Burnin' Live i Australia.

Denne besetninga vart oppløyst tidleg i 1990-åra då Junior Watson slutta og Mandel kom attende. Han tok med seg Ron Shumake på bass for å hjelpe Larry Taylor. Mandel slutta derimot i bandet etter eit par turnear, og den kvinnelege songaren og gitaristen Becky Barksdale vart henta inn for ein turné i Frankrike, Tyskland og Hawaii, men vart ikkje verande lenge. Smokey Hormel vart òg vurdert, men spelte berre ein konsert før kranglinga mellom de la Parra og Larry Taylor fekk Taylor til å forlate bandet og tok med seg Hormel.[36]

Svingdøra som Canned Heat var blitt, fortsette då Vestine og Watson kom attende i bandet i besetninga kalla «Heavy Artillery». Fleire tidlegare medlemmar, inkludert Mandel, Barron og Taylor kom til for å hjelpe de la Parra å fullføre albumet Internal Combustion, som kom ut i 1994. Det vart ei avgrensa utgjeving då Skip Taylor no var attende som manager og kom på kant med Red River Records. I 1995 slutta James Thornbury i bandet etter ti år i bandet for å bruke meir tid med familien i New South Wales i Australia og ein ny frontmann, Robert Lucas, kom inn i staaden. Mandel vende attende og Shumake slutta i bandet i 1996, og etter at Mark «Pocket» Goldberg ei stund spelte bass,[37] tok Greg Kage over denne rolla permanent. Etter å ha bli vener att med Larry Taylor, gav bandet ut Canned Heat Blues Band i 1996. Den 20. oktober 1997 døydde ein trøtt og kreftsjuk Vestine i Paris, etter den siste konserten deira på ein europeisk turné.[38] Taylor og Watson slutta så i bandet.

Canned Heat etter 2000Endra

 
Canned Heat på Liri Blues Festival i Italia i 2000.
 
Dallas Hodge & Stanley Behrens i Canned Heat

Canned Heat var framleis populære i somme europeiske land og Australia. Særleg i Belgia var det mange trufaste fans, mykje takka vere Walter de Paduwa, eller Dr. Boogie, som av bandet vert rekna som den «offisielle historikaren».[39] Han assisterte de la Parra i å samle og produsere The Boogie House Tapes Vol. 1 i 2000, The Boogie House Tapes Vol. 2 i 2004 og Dr. Boogie Presents Rarities from the Bob Hite Vaults i 2008; alt henta frå ikkje-utgjevne og sjeldne Canned Heat-innspelingar. Dr. Boogie sitt faste radioprogram på Radio Classic 21,[40]har i over eit tiår starta med ein Canned Heat-song.

Av nyare Canned Heat-album finn ein Boogie 2000 (1999) og Friends In The Can (2003), med forskjejllige gjesteartistar som John Lee Hooker, Taj Mahal, Trout, Corey Stevens, Roy Rogers, Mandel, Larry Taylor og Vestine. Eric Clapton og Dr. John var gjesteartistar på Christmas Album (2007). I juli 2007 kom dokumentarfilmen Boogie with Canned Heat: The Canned Heat Story, i tillegg til ein biografi om Wilson, Blind Owl Blues, av musikkhistorikaren Rebecca Davis Winters.

Innan 2000 hadde Robert Lucas slutta og besetninga vart fullført med Dallas Hodge (vokal, gitar),[41] John Paulus (gitar) og Stanley «Baron» Behrens (munnspel, saksofon, fløyte). Lucas kom attende til Canned Heat seint i 2005, men slutta igjen hausten 2008. Han døydde, 46 år gammal, 23. november 2008 hos ein ven i Long Beach i Calififornia. Dødsårsaka var visstnok ein overdose.[42]

Frå seint 2008 til våren 2010 var besetninga Dale Spalding (gitar, munnspel and vokal), Barry Levenson (sologitar), Greg Kage (bass) og bandleiaren og trommisen de la Parra. Mandel og Larry Taylor turnerte med Canned Heat sommaren 2009 på Heroes of Woodstock Tour for å feire 40-årsjubileet til Woodstockfestivalen.

I 2010 erstatta offisielt Taylor og Mandel Kage og Levenson, og framover spelte denne besetninga fast i lag.

MedlemmarEndra

Noverande medlemmarEndra

TidslinjeEndra

 

DiskografiEndra

  • Human Condition (1978)
  • Kings of the Boogie (Dog House Blues) (1981)
  • Reheated (1988)
  • Internal Combustion (1994)
  • Canned Heat Blues Band (1996)
  • Boogie 2000 (1999)
  • Friends In the Can (2003)
  • Christmas Album (2007)

KjelderEndra

  1. Fito De La Parra, Living the Blues.(2000).
  2. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 66. ISBN 0-9676449-0-9.
  3. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 112. ISBN 0-9676449-0-9.
  4. «Billboard». Books.google.co.uk. 1967-07-08. s. 12. Henta 23. august 2018. 
  5. Down Beat, August 10th, 1967.
  6. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 68-71. ISBN 0-9676449-0-9.
  7. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 76. ISBN 0-9676449-0-9.
  8. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 90. ISBN 0-9676449-0-9.
  9. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 93. ISBN 0-9676449-0-9.
  10. «Canned Heat – On the Road Again». YouTube. Henta 5. mai 2012. 
  11. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 354. ISBN 0-9676449-0-9.
  12. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 96-98. ISBN 0-9676449-0-9.
  13. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 6-7. ISBN 0-9676449-0-9.
  14. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 128. ISBN 0-9676449-0-9.
  15. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 156-157. ISBN 0-9676449-0-9.
  16. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 173. ISBN 0-9676449-0-9.
  17. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 140-163. ISBN 0-9676449-0-9.
  18. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 166-168. ISBN 0-9676449-0-9.
  19. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 207-208. ISBN 0-9676449-0-9.
  20. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 355-356. ISBN 0-9676449-0-9.
  21. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 214. ISBN 0-9676449-0-9.
  22. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 229. ISBN 0-9676449-0-9.
  23. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 236-237. ISBN 0-9676449-0-9.
  24. 24,0 24,1 Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 356. ISBN 0-9676449-0-9.
  25. «RTBF Auvio : toute l'offre audio, vidéo et direct de la RTBF». Rtbf.be. Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 23. august 2018. 
  26. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 240. ISBN 0-9676449-0-9.
  27. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 247. ISBN 0-9676449-0-9.
  28. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 248-250. ISBN 0-9676449-0-9.
  29. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 357. ISBN 0-9676449-0-9.
  30. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 252-258. ISBN 0-9676449-0-9.
  31. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 260-268. ISBN 0-9676449-0-9.
  32. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 278-279. ISBN 0-9676449-0-9.
  33. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 282. ISBN 0-9676449-0-9.
  34. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 291. ISBN 0-9676449-0-9.
  35. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 316-320. ISBN 0-9676449-0-9.
  36. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 325-327. ISBN 0-9676449-0-9.
  37. «Mark «Pocket» Goldberg». Mark «Pocket» Goldberg. Henta 2012-09-16. 
  38. Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 329-342. ISBN 0-9676449-0-9.
  39. «Archived copy». Arkivert frå originalen 10. februar 2012. Henta 7. februar 2016. 
  40. «RTBF - Classic 21, écoutez l'original». Classic21.be. Henta 23. august 2018. 
  41. Dallas Hodge. «Bio». Dallashodge.com. Henta 2012-09-16. 
  42. Mack, Shane (25. november 2008). «RIP: Robert Lucas, Former Frontman of Canned Heat». Tiny Mix Tapes. Henta 23. august 2018. 
  43. Kurutz, Steve. «Biography: Larry Taylor». Allmusic. Henta 21. mai 2010. 
  44. «Canned Heat on Stage». Times Herald-Record. 15. august 2009. Henta 1. desember 2010. 
  45. Eder, Bruce. «Canned Heat – Biography». allmusic. Arkivert frå originalen den 12. november 2010. Henta 10. desember 2010. 

BakgrunnsstoffEndra