Melissa Bjånesøy
Melissa Linn Berman Bjånesøy (fødd 18. april 1992 i Chicago) er ein amerikansk-fødd norsk fotballspelar som spelar for Stabæk i Toppserien.[1]
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 18. april 1992 | ||
Fødestad | Chicago | ||
Posisjon | Angrep | ||
Ungdomsklubbar | |||
Lyngbø SK | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2009–2013 | Sandviken | 71 | (31) |
2014– | Stabæk | 162 | (81) |
Landslag | |||
2010–2011 | Noreg J19 | 23 | (28) |
2012 | Noreg J20 | 6 | (2) |
2011–2015 | Noreg U23 | 11 | (1) |
2013– | Noreg | 21 | (4) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 22. november 2022 |
Karriere
endreKlubbkarriere
endreBjånesøy spela aldersbestemt fotball i Lyngbø SK før ho gjekk til Sandviken. Ho fekk i 2011 Statoils talentpris.[2] Etter at Sandviken rykka ned frå Toppserien i 2013, var ho ønska av ei rekkje toppklubbar. Ho valde å signere for Stabæk før 2014-sesongen.[3]
Landslagskarriere
endreBjånesøy har landskampar for J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.
Bjånesøy vart toppscorar i U-19-EM i 2011, med sju scorande mål.[4] Ho scora i alle fem kampane frå gruppespelet og fram til finalen, der Noreg tapte 8–1 for Tyskland.
Bjånesøy debuterte for det norske A-landslaget i januar 2012 mot Sør-Korea. I hennar andre A-landslagskamp scora ho sitt fyrste mål mot Kina.[5]
Kjelder
endre- ↑ «Jakter EM-medalje og toppkarakter», av Christer Madsen, frå NFFs heimeside, 31. mars 2011. Besøkt 18. juli 2013.
- ↑ AS, TV 2 (1. januar 2012). «Valon Berisha og Melissa Bjånesøy hedres med årets Statoil talentpris 2011». TV 2 (på norsk). Henta 8. mars 2022.
- ↑ Svendsen, Roy Hilmar (22. november 2013). «Bjånesøy klar for Stabæk». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Seven-goal Bjånesøy takes scoring prize», fra UEFAs hjemmeside, 11. juni 2011. Besøkt 18. juli 2013 (en)
- ↑ Hove, Jan Gunnar Kolstad, Hermod (14. januar 2013). «Bjånesøy avgjorde». Bergensavisen (på norsk). Henta 8. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Melissa Bjånesøy» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Melissa Bjånesøy på UEFA.com
- Melissa Bjånesøy på Noregs fotballforbund
- Melissa Bjånesøy på Soccerdonna.de
- Melissa Bjånesøy på Soccerway.com