Melrose i Skottland

Melrose er ein liten by i regionen Scottish Borders i Skottland. Han har kring 1500 innbyggjarar. Namnet kjem frå keltisk mail-rhos, «snauklipt slette».

Melrose

skotsk-gælisk Maol Ros
Plassering
Melrose i Skottland is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Scottish Borders
Tradisjonelt grevskap Roxburgh, Ettrick and Lauderdale
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 671
Koordinatar 55°36′N 2°44′W / 55.600°N 2.733°W / 55.600; -2.733
Diverse annan informasjon
Postnummer TD6
Telefon-retningsnummer 0 1896
Commons har multimedium som gjeld: Melrose i Skottland

Byen er kjent for Melrose Abbey, der hjartet til Robert Bruce skal ha vorte gravlagt.

Etter den industrielle revolusjonen opna fleire tekstilmøller i byen, og tekstilindustrien er enno ein viktig næringsveg.

I nærleiken av byen finn ein Dryburgh Abbey og spor etter det romerske fortet Trimontium. Nokre kilometer vestover ligg Abbotsford House, der forfattaren sir Walter Scott budde.

Ifølgje ei segn er Kong Arthur gravlagt i Eildon Hills utanfor Melrose.

Kjelder

endre