Melum stavkyrkje
Melum stavkyrkje stod som dagens Melum kyrkje på Mælum (gnr. 70), men i dag er gardstunet eit stykkje unna kyrkja. Soknet («Medalheims sokn») er nemnt i 1354[1] i samband med eit drap. Biskop Eystein omtalar prestbol til kyrkja i si jordebok[2] (1398). Same staden går det fram at kyrkja er vigsla til Sankt Laurentius. Av Povel Huitfeldt si stiftsbok[3] (1570) går det fram at Melum er anneks til Solum, og dette vert stadfesta i Jens Nilssøn si visitasskilding.[4]
Ein synfaringsrapport frå 1663 omtalar eit skip med plankar mellom stolpar og kledd med delar (bord). Det har tårn (takryttar), men dette og sjølve det spontekte taket er brøstfeldig. Svalar omtalast, og det går fram at kyrkja har fått eit tømra kor med takstein (av tegl). Ved ei synfaring i 1668 går det fram at heile taket har tegltekke. Kyrkja vart seld på den store kyrkjeauksjonen. Så vart ho riven då soknet fekk ny kyrkje i 1728.[5]
Gjenstandar frå stavkyrkja
endreEi av klokkene i dagens kyrkje er frå 1200-tallet og er overført frå stavkyrkja. I Telemark Museum i Brekkeparken i Skien er ein prekestol og ein døypefont frå stavkyrkja.
Kjelder
endre- Lorentz Dietrichson (1892). «Laurentiuskirken i Mælum». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 504–505.
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Melum kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 20–21. ISBN 82-90695-00-4.
Fotnotar
endre- ↑ Diplomatarium Norvegicum I:341
- ↑ Eystein Aslaksson (1958). Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog): Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400. H. 1. Oslo: Børsum. s. 16.
- ↑ Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 55.
- ↑ Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 15.
- ↑ Dietrichson, s. 504f.
Bakgrunnsstoff
endre- Melum stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Gudmund Kverndalen (2003). Melum kirke 275 år 1728–2003. Melum menighetsråd.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 11–12