Solum kyrkje er ei langkyrkje frå 1766 i Skien kommune i Telemark.

Solum kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Skien
Sokn Solum
Fellesråd Skien
Type langkyrkje
Arkitekt Joen Jacobsen (byggm.)
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 5. juli 1766
 •  Endringar M.a. 1830-talet, 1896, 1902, 1957–59
Tårn i vest
Kor rett avslutta
Klokker 2: frå mellomalderen og 1747
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol 1674
Døypefont 1766
Orgel J.H. Jørgensen, 1959
Sitjeplassar 205[1]
Kart
Solum kyrkje
59°10′24″N 9°33′31″E / 59.17341667°N 9.55863889°E / 59.17341667; 9.55863889
Wikimedia Commons: Solum kirke

Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen. I 1830-åra bles tårnet ned, og nytt og lågare tårn vart oppført i 1833. Det var gjort høgre i 1902 og endra til den opphavlege framtoninga i 1959. Interiøret vart måla over og endra i 1896, og i 1957–59 vart kyrkja restaurert etter planar av Ragnar Nilsen.

Altartavla har eit bilete av Kristi himmelfart som er kopiert etter eit bilete i Helligaandskirken i København måla Hendrik Krock. På galleriet er den såkalla Løvenskioldstolen, ein lukka stol som prestefamilien tok over då Løvenskioldfamilien flytta frå staden.

Bilete frå kyrkja

endre

Kjelder

endre
  • Solum kirke 200 år. Skien: Solum menighetsråd. 1966. 
  • Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Solum kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 150-153. ISBN 82-91399-10-7. 
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Solum kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 14-15. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Skien kyrkjelege fellesråd
  • «Solum kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 

Referanse

endre
  1. Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff

endre