Melvilleøya i Australia
Melvilleøya er ei øy som ligg ved kysten av delstaten Northern Territory i Australia. Med ei flatevidd på 5786 km² er Melvilleøya den nest største øya i Australia etter Tasmania. Saman med Bathurstøya utgjer ho øygruppa Tiwiøyane.
Melvilleøya i Australia | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Tiwiøyene | ||
Areal | 5 765 km² | ||
Folketal | 1 030 | ||
![]() Melvilleøya i Australia | |||
Wikimedia Commons: Melville Island, Australia | |||
Til liks med Arnhem land er øya eit reservat for aboriginar der ingen turisme er tillaten. No til dags bur om lag 600 aboriginar på øya som har eiga forvalting.
Den nederlandske sjøfararen Abel Tasman var i 1644 den første europearen som vitja øya. Ho er oppkalla etter ein britisk adelsmann som i si tid (kring 1820) var sjef for den britiske marinen.
Yermalner er det lokale namnet på øya.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Melville Island (Northern Territory)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2009.